M/S Nordsjernen foreslått freda.

Publisert 4. juli 2012 under Nyhende

Riksantikvaren varslar oppstart av fredning av M/S Nordstjernen. Det ærverdige skipet har med sine 57 år i rute, segla lengst i Hurtigruten si stolte historie

nordstjernen

M/S Nordstjernen stod ferdig i 1956 og var det siste av hurtigruta sine skip som vart bygd som dampskipa i mellomkrigstida. Skipet er eit framifrå døme på 1950-talet si utsmykking og skipsinteriør og vert sett på som eit seglande galleri der norsk samtidskunst og interiørdesign vert vist fram for dei reisande.

Nordstjernen er framleis i god stand trass få endringar. Blant anna er det originale likestrømsanlegget framleis i drift, noko som er unikt for eit skip av denne storleiken. Nordstjernen avslutta sin siste ordinære tur 22. mars 2012 og vil sommaren 2012 bli brukt som cruiseskip på Svalbard.

I 2007 vart Nordstjernen erklært verneverdig av Riksantikvaren. Fredninga vil omfatte heile og delar av skipet med fast inventar og utstyr, samt kunstnerisk utsmykking. Fredninga skal i seg sjølv ikkje være til hinder for fartøyet si vidare drift.