M/S Vestgar freda

Publisert 21. januar 2014 under Nyhende

Riksantikvaren har freda passasjerskipet M/S Vestgar. Skipet frå 1957 er det tredje passasjerskipet som vert freda. Frå før er det berre dampskipet Skibladner og hurtigruteskipet Nordstjernen som er freda.

Vestgar

M/S Vestgar har hovedsakelig gått i rute mellom Øygarden og Bergen, og er ein av dei mange såkalla sjøbussane som dukka opp etter andre verdskrig, då motorskipa erstatta dampdrevne skip.

Skipet gjekk i rute frå 1957 til 1979 då det vart seld. I 2007 vart skipet kjøpt tilbake til Vestlandet og restaurert. I 2008 fekk skipet status son verna, og no har Riksantikvaren oppgradert statusen til freda. Skipet skal nå restaurerast tilbake til slik det var i perioden det var i drift som ruteskip.

Fredninga er eit ledd i fartøyvernplanen som vart vedteken i 2010, der Riksantikvaren vil frede ulike fartøykategoriar etter tur. Fergeflåten er allereie gjennomgått. Etter at ein har gått gjennom flåten av passasjerskip, står verneverdige fartøy i fiskeflåten for tur.

(NTB)