Nytt frå MS Stangfjord

Publisert 29. mars 2010 under Nyhende

Arbeidet med Stangfjord har no ein pause etter at arbeid med hekken, skansekledning og dekksbjelkar framme nærmar seg slutten. Planen var å starte opp att i juni, men med manglande midlar frå Riksantikvaren for 2010 er dette litt usikkert akkurat no.

MS Stangfjord på land utanfor si nye "heimehamn".MS Stangfjord på land utanfor si nye "heimehamn".

Riksantikvaren har gitt ei førehandsløyving på 500.000 for neste år, men kva Askvoll Kommune og Hardanger Fartøyvernsenter finn ut av er ikkje kjent. Båten står i alle fall i hallen på HFS, og det kan ein ikkje gjere så mykje med. Rapport for arbeidet pr februar 2010 finn du i alle fall her.