Ope møte 11/3 kl 1900

Publisert 7. februar 2011 under Nyhende

For å dra i gang sesongen, treffast, preike skit og dele nytt inviterer vi alle interreserte til ope møte på Kystmuseet i Florø fredag 11/3 klokka 1900. Vi vil her informere om

  • Det svært gode miljøet ombord
  • Turen til Nordfjord i april
  • Status på restaureringsarbeidet
  • Korleis er det å være mannskap på Atløy

Forfattaren Trond Strømgren vil halde ei multimediaforestilling frå ein eventyrleg tur han hadde med båt mellom anna gjennom Cheauchesco sitt Romania via Svartehavet til Korsika. Svært få normenn har gjennomført denne reisa, og forestillinga har aldri før vore vist i Florø. Passar for både unge og eldre!

Vi avsluttar med suppe og øl «medan drøsen går om åndelege ting.»

Det er gratis inngang og alle som har interesse for MS Atløy er hjarteleg velkommen til å delta. Nye medlemmer er spesiellt velkommen!