Oppdatering Fjordaferda

Publisert 24. september 2009 under Nyhende

Desverre vart vi utan tørrfisk på den første dagen av Fjordaferda på grunn av rot frå Hurtigruta/Norlines. Fisken skulle frå Måløy til Florø tysdag, men hurtigruta gjekk rett forbi. Fisken vart lova sendt onsdag, så skulle den hentast å køyrast til Sogn av Sander. Men også onsdag segla Hurtigruta forbi.

MS Midnattsol

Då vi etterlyste fisken onsdag 1330, fekk vi beskjed om at fisken framleis stod i Måløy.  Stakkarane på kaia i Måløy klarde ikkje tenke seg til at dette kanskje hasta like mykje onsdag som tysdag, og tenkte ikkje tankenm på å ringe. Det vart derfor ein 530 km lang køyretur til Solvorn via Måløy med fisken i går kveld.

Desverre ser det ut til at moralen bør være; hastar det, eller er viktig, nyttar du ikkje Posten/Bring/Norlines/Norcargo. At ein ikkje skal klare å få ein palle fisk frå Måløy til Florø i løpet av 2 døgn anten på sjø eller veg må då være dirkete pinlig?

solvorn1No er i alle fall M/S Atløy i Solvorn (med fisk) og lastar epler, før turen går vidare mot Lærdal i ettermiddag.

Vær obs på endringar i rutetidene mandag. Frå og med Dingja vert vi ein time seinare. Også Atløy brukar meir enn 10 minutt over Sognesjøen.

Rett rute finn du her; Oppdatert rute 23/9