På flyttefot

Publisert 5. oktober 2011 under Nyhende

Som mange vil ha fått med seg ligg M/S Atløy no på Torgkaia/Amtskaia/Haffen.

Bakgrunnene er at det gamle «Toll-lageret» som vart bygd på 30 talet vart rive i førre veke.  Atløys Venner har velvillig fått låne plass i denne bua fram til no av eigar Leif Stafsnes. Kai-eigar skal no leige ut kaia framfor den tidlegare bua. I fleire år har hekken til Atløy tildels sperra tilkomst til denne vesle kaia, og vi må derfor forhale lenger fram, slik at det er høve å komme til for leigetakar. Det er det ikkje plass til, og vi lyt derfor finne ny plass.

Kaia til Fylkesbaatane i Florø var i årevis utgangspunkt for eit nett av lokalruter i Sunnfjord og langs kysten. I andre høgda låg Hamnekafeen - Haffen.Kaia til Fylkesbaatane i Florø var i årevis utgangspunkt for eit nett av lokalruter i Sunnfjord og langs kysten. I andre høgda låg Hamnekafeen - Haffen.

Foreløpig har vi fått løyve til å nytte nordsida av Amtskaia, og ligg fint der saman med S/J Svanhild. Vi har også via ordførar bedt om ein dialog for å finne ei varig løysing for båten. Både ordførar Bengt Solheim-Olsen og hamnesjef Audun Korneliussen har vore svært imøtekommande, og det er gode utsikter til å finne ei løysing innan M/S Atløy kjem tilbake frå Dåfjorden i janua, der ein del dårleg stål skal skiftast ut. Avgang vert om nokore dagar.