På sør

Publisert 20. oktober 2011 under Nyhende

Måndag forlot M/S Atløy Florø, med teltet på, og gjekk rett til Sabben i Bergen for reparasjon av ny hjelpemotor. Rett før Fjordaferda vart hjelpemotoren skifta med ein ny, av same type som den vi hadde. Den gamle gjekk ujamnt og brukte mykje olje, og det hasta med å få den reparert før Fjordaferda. Då vi fekk ein ubrukt av same type til ein svært god pris gjekk vi i staden for dette, truleg langt rimelegare på litt sikt. Den har tidlegare skulle vore brukt på eit oppdrettsanlegg, men er altså ubrukt. Den var ikkje marinisert, eit arbeid vi tok sjølve. Den nye motoren lak olje, og det var derfor naudsynt å ta ein sjekk hos Sabben. Arbeidet er utført, og den nye motoren mel iflg Leifen som ein katt.

I dag til middag var dei i Langenuen, og er venta inn til Jensaneset i Sagvågen på Stord om lag klokka 1400. Her skal det gjerast littt trearbeid, mellom anna skal det takast att litt arbeid på dei nye livbeltekassane. Det er også ein liten lekkasje ein plass mellom styrehuset og byssa, som ekspertisen på Jensaneset truleg vil finne ut av.

Oversiktsbilete over den gamle verven på Jensaneset

Måndag ber det til Dåfjorden og venteleg rett på land.