På tur heim!

Publisert 30. mars 2011 under Nyhende

Endeleg vart vi ferdige etter mykje godt arbeid frå både vår og verftet si side. Alt har godt etter, eller betre enn, planen.Fredag i 1600 tida gjekk MS Atløy frå Dåfjorden til Jensaneset / Sagvåg og har vore der til i dag onsdag.

 

På tur inn til Jensaneset 2011. Foto Gerhard BakkePå tur inn til Jensaneset 25/3 klokka 1800 2011. Foto Georg Bakke

 

I dag på tur til Leirvik, der vi legg oss utanpå MS Granvin for natta. I morgon føremiddag kjem Olav Vedøy frå Wichmann på Rubbestadneset ombord for å måle kompresjon på alle sylindrar etter pålegg frå Skipskontrollen. Det er forresten ingen grunn til å tru at noko er feil eller at det er lekkasje.

På ettermiddagen i morgon er planen å klappe til kai i Bergen, før turen går til Florø fredag…..og då er det ikkje lenge før våren er i full gang med køyring. Framover mot påske vert det maling og stell, og preseninga ryk av dei første dagane. Første tur er booka inn til rett over påske til Nordfjord, med nye mannskap og «mini-Fjordaferd» for nye mannskap. Kom gerne nedom for kjaffi eller for å ta del i arbeidet!