Riksantikvaren

Publisert 29. april 2013 under Nyhende

Riksantikvaren har heller ikkje i år funne midlar til planlagt 4 års løp for restaurering av skroget, slik vi antok at vi hadde felles forståing om i 2011.  I fjor var vi nøydde til å låne 700.000,- for å få utført naudsynt og avtalt arbeid, dette har vi ikkje høve til i år. Situasjonen såg krtisk ut med omsyn til framhald i arbeidet, og det låg an til full stopp. Som erkjenning av dette (?) har vi derfor fått førehandsløyving på 500.000,- for 2014. Dette betyr at det viktige med arbeidet med skroget kan halde fram.

Vi gler oss!!!

3 fartøy frå Sogn og Fjordane fekk midlar i år, og dette vart Stavenes (700.000,-), Arnefjord (1.500.000,-) og Stangfjord (700.000,-).

Heile lista kan du lese på denne lenka!