Skjerjehamn

Publisert 20. september 2011 under Nyhende

På grunn av ei mistyding mellom oss og «Bergensgjengen» v/MS Granvin om dato, vert den planlagde krabbefesten andre helga i oktober avlyst frå vår side.

skjerjehamn_1

Bergensgjengen vert å finne i Skjerjehamn første helga i oktober, men M/S Atløy held då avslutning av Fjordaferda i Askvoll/Flora og rekk ikkje fram. Laurdag vert det krabbefest med dans til levande musikk i pakkhuset.

For den som likevel vil ta turen er det sikkert råd å finne overnatting på Skjerjehamn denne helga. Kontakt Barbro på «hotellet» (mobil 913 99 021) eller ein av båtane. SJ Svanhild frå Florø skal også til Skjerjehamn denne helga. Med bil tar det med den nye brua ikkje stort meir enn ein time frå Oppedal.

Vi kan som sagt ikkje være med. Desverre!