Strandsitjardagane

Publisert 23. september 2011 under Nyhende

I går kom Fjordaferda og M/S Atløy til den vakre bygda Solvorn i Lustrafjorden. I dag er det lasta epler, og i morgon fortsett handelen med fisk og fiskeprodukt ved kai under Strandsitjardagane.

Solvorn var på 1800-talet ein viktig handelsstad, og folk valfarta hit for å selja varer og tjenester. Til lilks med MS Atløy la båten frå Bergen til kai der og fiskebåtane låg tett. Ut frå dette vaks det ein kallar for strandsitjarmiljøet. Strandsitjarane var fattigfolk som slo seg ned i strandkanten, skreiv husmannskontrakt med bøndene og jobba som lausarbeidarar og handverkarar. I 2010 arrangerte Solvorn bygdelag, med stor suksess, disse dagane for fyrste gong, og som i gamle dagar valfarta folk hit. I år gjentek dei suksessen med opne hus, sal av lokale produkt og teater. Så kom igjen å bli med når me går over 100 år tilbake i tid.

solvorn20ca201915

Solvorn har historie som handelstad, kyrkjestad, tingstad og sete for sorenskrivaren i Indre Sogn. Bygda har vore kyrkjestad sidan mellomalderen, fyrste gongen Solvorn-kyrkja er nemd i kjeldene er på 1300-talet. Rundt 1865 var det tre handelsmenn og to bakarar i Solvorn, og staden var naturleg å reise til for folk på Hafslo og omliggjande bygder når dei skulle selje eller kjøpe noko. Staden hadde glansperioden sin medan fjorden var viktigaste ferdselsåra, sidan, når vegen kom og bilane tok over, ligg ikkje Solvorn så sentralt til lenger.

Båten er open for handel stort sett heile dagen, og på ettermiddagen vert det fjordtur med lokal guide.

Rute for Fjordaferda finn du her; Reiserute