Støtte frå UNI stifitinga

Publisert 8. november 2011 under Nyhende

logoM/S Atløy får 50.000,- i økonomisk støtte frå Stiftinga UNI til brannsikring, overlevingsdrakter og fleire livvestar for born om bord. Stiftinga UNI gjorde slikt vedtak på  styremøte 28. oktober i år.

Vi er sjølvsagt takksame for det!

Svanhild fekk også midlar til nye segl (200.000), og elles i fylket fekk Futegarden på Bruland i Førde midlar til restaurering av eldhus og garden Nigarden i Aurland 100.000,- til restaurering av tømmerlåve.