Status Dåfjorden

Publisert 8. desember 2011 under Nyhende

Leif er no i Dåfjorden, og har vore der åleine sidan måndag. Han held på p demontere og gjere klart i lasterommet, slik at platearbeidet kan starte der så snart dei er ferdige i maskina. VV tank, punper «bad» og dusj er fjerna.

I maskinrommet står det att 2 plater. Dei er tilpassa, men skal klinkast. I lasterommet skal det skiftast 4 spant, 2 kneplater og det skal settast inn 3 nye plater. Platene vert skifta og tilpassa ein etter ein, slik at ein unngår for store hol, og for mykje kulde i båten. Det er no 15 cm snø, og minus 3-4 grader.

Leifen bur i framskipet, og har det bra!

Så snart platearbeidet er ferdig går båten av slipp, opp skal anten Midthordaland eller Vulcanus. Arbeidet med stålet er venta ferdig i februar, og  vi tippar på ei rekning på i overkant av ein halv mill.