Stormøte

Publisert 22. februar 2011 under Nyhende

25-117-im-rightphoto-3675I lengre tid har fleire av dei større fartøya med tilknyting til Bergen hatt eit uformelt samarbeid under namnet Fjordabåtane. Kommande torsdag vill ein søke å formalisere dette samarbeidet gjennom stifting av organsasjonen Fjordabåtane. Møtet vert halde i selskapslokala i den ærverdige Skansen Brannstasjon. Ein skal mellom anna diskutere omfang, vedtekter, felles arrangement for sommaren og diverse anna.

Med på møtet vert folk frå MS Atløy, MS Granvin, DS Stavenes, DS Stord, MS Midthordland, MS Vestgar, MS Tysnes, MF Folgefonn, MF Skånevik og TB Vulcanus. DS Oster har bestemt seg for ikkje å være med. MS Atløy vurderer medlemsskap og diskuterte dette på styremøte måndag denne veka. Leif stiller frå oss, og har alle fullmakter.

Forslag til vedtekter finn ein her.