Styremøte 22/3

Publisert 23. mars 2012 under Nyhende

Det vart i går halde styremøte i A/L Atløy, dvs reiarlaget som eig M/S Atløy. Av sakene som vart diskutert kan nemnast;

  • Rekneskap for 2011 vart gjennomgått, og slik det ligg an ser det ut til å bli eit monaleg rekeneskapsmessig underskot
  • Atløys Venner overfører 500.000,- til A/L slik at vinterens verkstadopphald kan betalast.
  • Det ser ikkje ut til at det vert midlar frå korkje fylkekommune eller Riksnatikvaren. Vi har gode grunnar til å klage på riksantikvaren si avgjerd, og Berit vil gjere dette innan fristen
  • Årsmøte for A/L vert 28/3 som før bestemt.
  • Førstehjelspkurs vil bli halde i løpet av mai.
  • Fjordaferda vil starte 23. april og vare ei veke

Under evt vart saka med påsveisa buer bak keisinga diskutert, og styret betsemde seg for å halde seg til tidlegare vedtak, sak 19/11, dvs at desse skal vekk.