Styremøte AL

Publisert 6. desember 2012 under Nyhende

Det vart i går halde styremøte i AL Atløy, som eig båten, saman med Deloitte. Andelslag er ei selskapsform som ikkje kan brukast etter 31/12, og AL Atløy må derfor leggast ned. Etter ein lenger prosess er styret enda opp med forslag om omdanning til forening. Prosessen ovanfor andelseigarane vert starta umidddelbart, og det vert kalla inn til årsmøte i slutten av januar, der det må velgast eit avviklingsstyre. Etter 2mnd kan andelslaget leggast ned, og det vert samstundes skipa nytt Veteranskipslaget MS «Atløy» (forslag).

Når det gjeld båten vil det planlagde arbeidet på skroget halde fram om vi får midlar frå Riksantikvaren. I vår er det fullt på slippen i Dåfjorden, og det vert derfor tinga plass rett over sommaren, slik at arbeidet held fram. Det vert kalla inn til dugnadssamling i Atløys Venner i neste veke, slik at vi kan få på teltet før snøen kjem. Ombord skal alt no fungere, etter ein jordfeil som førte til ein del problem. Fyren er også justert, og fungerer no fint.

Etter ein konflikt mellom Atløys Venner og AL Atløy valde styreleiar Sølve Brendø å trekke seg. Etter val i styret i AL, som konstituerer seg sjølv, tar Sander Ødelien over fram til laget vert lagt ned. Styret i AL vil gjerne takke Sølve for den innsatsen han har gjort for båten gjennom mange år!