Styremøte Atløys Venner

Publisert 24. november 2012 under Nyhende

Det vart halde styremøte i Atløys Venner 22/11. Ein gjekk gjennom resultat, Fjordaferd og samarbeidet med AL Atløy. Økonomien ser OK ut, og det går mot eit overskot på 180.000,- frå bardrift, sal av effektar og overskot frå Fjordaferda. Fjordaferda hadde åleine eit overskot på i overkant av 80.000,- etter dekking av ale kostnader. Atløys Venner harr ytt 700.000 av opptenste sparepengar gjennom 17 år som «lån» til restaureringa i 2012. Desse pengane var meint å gå til ein evt landbase, men sidan Riksantikvaren valde å ikkje stille opp i 2012 måtte det bli slik.