Tilskot til fartøyvern

Publisert 9. mai 2012 under Nyhende

Som kjent vart det ikkje offentlege midlar til M/S Atløy i år, korkje frå fylket eller Riksantikvaren. Frå fylket hart vi ikkje fått midlar på fleire år, men det var overraskande at vi ikkje fekk fråRiksantikvaren. Vi er i gang med eit arbeid på skroget som har kosta 5-700.000 årleg dei siste åra. Arbeidet skulle avsluttast i framskipet til vinteren, og vi meinte å ha ei forståing og plan med både Riksantikvar og Skipskontroll. Så ser ikkje ut til å være tilfelle,

hestmandenfotobredalsholmendokkogfartyvernsenter1

Riksantikvaren delte til saman ut 42 mill, etter slknad på tilsaman 196 mill. Største mottakar er også i år Hestmanden, med 4 mill. SJ Svanen fekk same beløp. I Sogn og Fjordane var det berre DS Stavenes og Haugefisk som fekk mildar, totalt 1.150.000,- Det er for oss uforståelig at vi ikkje fekk midlar til ferdigstilling av restaurering av skroget, og klage er sendt. Heile lista over tilskot finn du på denne lenka.