Ut av dokk

Publisert 28. april 2015 under Nyhende

I dag kl 17:23 fekk endeleg «den gamle dama» vatn under kjølen igjen, etter månadsvis på land med utskifting av plater. Dei kraftige kranane løfta den 150 tonn tunge båten som ein leik, og løftet vart ei øving til seksjonen som skal ut i morgon, på 400 tonn.

Mykje arbeid har det vore, og god hjelp har vi fått. Ein særleg takk til Westcon som med stor velvilje lot oss stå inne i hallen gjennom vinteren. Det letta arbeidet mykje, og vi møtte berre velvilje om det var noko vi trong!

 

Ut av dokk 280415

 

Litt lekkasje var det, men det er slik det skal være. Båten skein som ei sol frå rekka og ned, nysmurd og fin. Frå rekka og opp er det ein stor vaskejobb i vente, så også innvendig. Gangane er skrapa, og skal oljast