Vågsberget freda

Publisert 19. september 2011 under Nyhende

For nokre år sidan var MS Atløy ein flittig gjest på Vågsebrget, men dei siste åra har det vorte mindre. Staden er no freda iflg Riksantikvaren sine heimesider;

Vågsberget, foto Geirr Olva Gram, Riksantikvaren

Vågsberget er ein særprega og intakt handels- og gjestgjevarstad som vart bygd opp kring slutten av 1700- og byrjinga av 1800-talet, med historie bakover til 1600-talet.  – Vi er glade for at Vågsberget no er freda for ettertida. Staden er ein framifrå representant for norsk kystkultur frå ei tid der sjøen var ein viktig handelsveg, seier riksantikvar Jørn Holme. – Vågsberget ligg i eit uforstyrra natur og kulturlandskap og er ein av dei best bevarte handels- og gjestgjevarstadane på Vestlandet, fortel Holme. Fredinga omfattar sju bygningar, deriblant hovudbygningen, som er oppført i overgangen til 1800-tallet. Vågsberget var ein av dei viktigaste handels- og gjestgjevarstadane på Vestlandet, fordi den låg svært lagleg til ved dei rike fiskefelta kring Vågsvåg og Torskangerpollen. 

Vågsberget har ei sterk historisk tilknyting til Bergen. I 1636 kom handelsborgar Didrik Fester frå Bergen til Vågsberget, for å drive gard og handel. Dette visast også i arkitekturen, da bruken av liggande panel i heile anlegget er karakteristisk for byggeskikken på Vestlandet som blei inspirert av bergenske byhus.

Opphavleg låg Vågsberget under garden Våge, men vart på 1700-talet skilt ut som eigen matrikkelgard. I sjøhusa på Vågsberget har det vore krambu og annen verksemd knytt til fiskeri og handel. Kystmuseet i Sogn og Fjordane har i dag ansvaret for drifta av eigedommen.

Kjelde; Riksantikvaren sine heimesider