Veteranskipslaget M/S Stangfjord skipa

Publisert 18. mars 2012 under Nyhende

Skipingsmøtet vart halde laurdag 17/3 i Grendahuset i Stongfjorden og Gro Eikebø Stang ynskte dei frammøtte vel møtt på vegne av interimstyret.

stangfjord3

Ove Losnegård orienterte om arbeidet som er utført på båten fram til no, og kva som mangla av arbeid. Det vidare arbeidet er avhengig av kva for ein motor som skal monterast i båten, og dette er noko av det første det nye styret lyt ta tak i.
Medlemskontigent vart sett til Kr.200.-pr.år for enkeltpersonar, kr.500.- for ideelle lag og organisasjonar pr. år. og kr.1000.- for bedrifter pr. år.

Vedtektene til laget vart godkjente og frå paragraf 2 kan ein lese;

Foreininga skal restaurere,ta vare på, eige og drive M/S Stangfjord, kjenningssignal LDYJ. Båten skal takast vare på og drivast som verneverdig fartøy og flytande kulturminne, og skal fremje interessa for og formidle kystkulturen i regionen og industrihistoria i Stongfjorden. Foreininga skal skape interesse for og spreie informasjon om skipet, og ved behov samarbeide med andre lag og organisasjonar med liknande føremål. M/S Stangfjord skal ha heimehamn i Stongfjorden.

Det vart vald styre, og desse består mellom anna av Sander Ødelien frå Atløys Venner;

Leiar: Gro Eikebø Stang
Medlem:Ove Losnegård
Medlem:Einar Ask
Medlem:Einar Losnegård
Medlem: Sander Ødelien
Vara: Ole Alvsvåg
Vara: Lasse Vie