Veteranbåtlaget Atløy

A/L Atløy vart stifta i 1981 av  entusiastar i Solund, for å kjøpe båten tilbake frå private eigarar på Sunnmøre og sette henne tilbake i den stand ho var i 1931. Etter endring i selskapslova vart det i 2013 naudsynt å endre organisasjonsform, og etter ein lenger prosess hamna ein ned på organisering som forening. Namnet vart Veteranbåtlaget Atløy

Veteranbåtlaget har inga mogelegheit til sjølv å drive båten, og er heilt avhengig av støtte frå eitt aktivt dugnadsmiljø gjennom Atløys Venner. Veteranbåtlaget står likevel for kontinuiteten og har siste ord når det gjeld båten.

Veteranbåtlaget er eigar av båten, med medlemmer frå heile fylket. På lista over medlemmer finn ein både kommunar, fylkeskommune, bedrifter, bankar og privatpersonar.  Alle inntekter for utleige tilfell Veteranbåtlaget, som også syter for at rekningar blir betalt. Veteranbåtlaget har eit styre på 5 personar, vald av årsmøtet i laget. Medlemmskap kostar 1.000,- og det er høve til å eige fleire medlemmskap. Medlemmskap gjev stemmerett på årsmøtet.

Vil du ha kontakt med veteranbåtlaget kan du ringe leiaren i styret, Sander Ødelien, på telefon 900 51 867 eller sende ein mail til leiar(a)atloy.no