Kaffi og kaker!

17. oktober 2016

Fjordabaatane (samanslutning av Atløy, Granvin, Stord, Oster og fleire) inviterer mannskap og medlemmar til hyggestund i Trikkehallens kafe (Bergen) laurdag 7. november mellom kl. 12:00 og 14:00.

Bilete frå veteranskipstur til Sverige, Bedfordshire Steam & Country Fair 2016 og orientering om Fjordsteam i 2018.

Severing av kaffi og vafler

Julebord på M/S Lofoten

7. oktober 2016

  mat

3. desember kl. 20:30 skal vi saman med Veteranskipslaget Fjordabåten (GRANVIN og STORD) halde julebord for mannskap ombord i M/S LOFOTEN.

Prisen er kr. 545.- som er kr. 200.- i avslag. For faste mannskap vil vi som vanleg spandere. Vi reiser ned på morgonen med ekspressen, og følger LOFOTEN nordover etter/under julebordet. Avgang frå Bergen er utsett til 00:30, og fleire av mannskapa frå Bergen vert også med nordover.

Påmelding innan 21/10 til leiar(a)atloy.no eller på 900 51 867.

Bli med på tur!

26. mai 2016

a28a146b1940500b0b878c14c2cfee31M/S Atløy gjekk i går til Bergen etter ein lang vinter, nyklassa og med alt på stell. På grunn av mannskapsmangel har vi i år inngått eit samarbeid med Vetranbåtlaget Fjordabåten om mannskapdeling. Dei eig M/S Granvin og D/S Stord, og har Grnvin på slipp.

Vi er glad for denne hjelpa, og håper samarbeidet vil gagne begge!

Har du lyst på tur med Atløy frå Bergen kan du bli med til Bekkjarvik den 29/5, eller følge båten til Hansadgar og Torgdag 11/6.

Ruter og billettar finn du her; www.atloy.ticketco.no

 

Fjordabaatane inviterer til førjullstreff

18. november 2015

Fjordabåtane

Fjordabåtvenner inviteres til førjulstreff

lørdag 28.november kl.12.30 – 15:00.
Sted: Bergen Kystkultursenter, Sandviksboder 16.

Harald Sætre forteller og viser bilder fra sin nye HSD-bok «Fram og tilbake til byn- om HSD sine langruter, lokalruter, båtar og stoppestader». Anledning til å kjøpe boken – kr. 349.-. Harald signerer. Harald viser også bilder fra Fjordsteam i Florø.

Nordhordland Veteranbåtlag er til stede og selger Fjordabåtkalenderen for 2016 – til redusert pris – kr. 80.-

Øyvin Konglevoll orienterer og viser gamle bilder fra D/S «Stavenes» i trafikk, samt fra restaureringsprosessen.

Salg av kaffi og noe å bite i.

Opptur

16. september 2015

Opptur840x200

 

 

Opptur er eit årleg arrangement der Sparebanken Sogn og Fjordane gjer stas på dei som er engasjert i idrett, musikk, festival eller rett og slett berre er oppteken av at det blir skapt liv og røre i fylket. For Atløys Venner har Sparebanken vore ein viktig støttespelar gjennom alle år, og var sist ein viktig bidragsytar til gejennomføringa av Fjordsteam.

Grunna stor aktivitet i kystbyen på ulike arenaer er årets arrangement flytta frå Førde til Florø.  Det hadde såleis vært kjekt om vi klarar å mobilisere flest mogeleg deltakarar denne kvelden. Målet må være å fylle kinosalen!

Ein av føredragshaldarane er Per Mathias Høgmo som er landslagstrenar i fotball.

For påmelding og program finn du her; http://meirennbank.no/opptur-2015/

 

Nytt om fartøyvern

16. september 2015

SkibladnerLes Nytt om Fartøyvern #4 frå NFF. Les om årsmøte på Gjøvik (!!!), valget og møte med ministeren, ny søknadsfrist hos RA, Fjordsteam, RS 14 Stavanger, storløyving til Hestmanden og Nordisk Kystkulturfestival på Færøyene. Du finn den på denne lenka

Fjordaferda

16. september 2015

Torsdag er det avgang på Fjordaferda. Ruta finn du her; Rute Fjordaferda 2015. Undervegs sel vi tørkasild, spekesild, klippfisk og brosme frå Kalvåg og Bulandet, epler frå Solvorn og potet og gulrot frå Lærdal. Kun førsteklasses vare!

På NRK sine nettsider kan du sjå glimt frå Fjordaferda i 2014. Filmen tar om lag 15 minutt, og er vel verdt å få med seg. Du finn den her; Glimt av Norge

 

Ny båt

2. mai 2015

I natt vart «Fjord Viking» ex FSF sin «Solundir» lasta opp på Fosen Gjenvinning for transpot til Dårfjorden slipp. Ny eigar er Veteranbåtlaget Atløy (VBL), som har meir enn ei hand på rattet med å arrangere årets Fjordsteam.

Båten representerer første generasjon ein-skrogs halvplanande passasjerfartøy, og er i dag den einaste som er att med originale maskiner og innreiing. Bygd i aluminium i 1972 hos Westermoen, og i trafikk for FSF til 1990.

VBL tar over båten etter initiativ frå Riksantikvaren, som også har freda fartyet. Planen er å få henne i operativ stand, og i beste fall vert ho å sjå på Fjordsteam. Målet er å finne eit miljø som har lyst og evne til å ta vare på fartyet, og VBL er klar for vidaresalg.

Solundir Solundir2

Ut av dokk

28. april 2015

I dag kl 17:23 fekk endeleg «den gamle dama» vatn under kjølen igjen, etter månadsvis på land med utskifting av plater. Dei kraftige kranane løfta den 150 tonn tunge båten som ein leik, og løftet vart ei øving til seksjonen som skal ut i morgon, på 400 tonn.

Mykje arbeid har det vore, og god hjelp har vi fått. Ein særleg takk til Westcon som med stor velvilje lot oss stå inne i hallen gjennom vinteren. Det letta arbeidet mykje, og vi møtte berre velvilje om det var noko vi trong!

 

Ut av dokk 280415

 

Litt lekkasje var det, men det er slik det skal være. Båten skein som ei sol frå rekka og ned, nysmurd og fin. Frå rekka og opp er det ein stor vaskejobb i vente, så også innvendig. Gangane er skrapa, og skal oljast

 

 

Nytt frå NFF #2 2015

24. april 2015

nff

Les om årsmøtet, ny forsikringsordning, tildelibgar frå Riksantikvaren og dei manglande løyvingane frå Kulturminnefondet, mva kompensasjon, CE – merking, revidering av havn og farvannsloven og sommarens festivalar.

Les det ved å klikke her.