Fjordabaatane

Publisert 26. oktober 2011 under Nyhende

Etter ønske frå fleire av veteranskipa på vestlandet om ein felles organisering for å ta vare på felles oppgåver og profilering vart foreininga Fjordabaatane formelt stifta 30/3 i år.  I vedtektene kan ein lese følgande formålsparagraf;

«Formålet til organisasjonen er å fremme samarbeid mellom medlemsskipene, fremme felles saker overfor offentlige myndigheter, være et forum for veteranfartøy i regionen rundt Bergen, samt å stå for felles arrangementer og profilering. Samarbeidet kan også omfatte markedsføring, salg, innkjøp, bemanning og andre administrative oppgaver.»

9 av fartøya på vestlandet er for tida medlemm, og forutan M/S Atløy finn ein M/S Granvin, D/S Stord, D/S Stavenes, M/S Vestgar, M/F Skånevik, M/F Folgefonn, M/S Midthordland og  T/B Vulcanus. D/S Oster har foreløpig ikkje funne grunn til å melde seg inn.

Logo Fjordabaatane for endring til aaFjordabåtane har mellom anna fått retten til Fjordsteam-namnet frå Atløy, men Fjordsteam skal arrangerast av ein eigen organisasjon med deltakarar frå kvar båt. Neste Fjordsteam vert første helga i august i 2013 i Bergen. 

Nokre gonger i år samlast ein i eit fellesmøte, og frå Atløy er det leiar i A/L Atløy (Sølve Brændø) som møter. Referat frå dei siste fellesmøte finn ein under;

Referat fellesmøte Fjordabaatane 30/03/20111

Referat fellesmøte Fjordabaatane 25/08/2011