18. juli 2011
Arbeidet på MS Stangfjord held fram, og verftsformann Morten Hesthammer frå Haradanger Fartøyvernsenter i Norheimsund melder;
«I slutten av mai startet vi opp igjen arbeidet om bord på Stangfjord, og det utvendige skrogarbeidet er nå ferdig i den fasen hvor skroget blir helt igjen. Dvs at vi har skiftet kjølenog låtet, og også fått på plass noen av de plankene som mangler. De siste plankene vil nokvære på plass nå før båtbyggerne tar ferie.»
| Ingen kommentarar »
9. juni 2011
MS Atløy skal ikkje til Forbundet Kyste sitt landsstemne, men vi har fått følgande invitasjon via Liv Marit Dyrstad om å være med Bremsnes-kryssaren Bår Tommy;
Rasmus Leirvik frå Svelgen skal gå med skøyta si – Bår Tommy – til Kysten sitt stemne i Egersund. Rasmus er medlem i Kystlaget Hornelen. Han vil starte ca 14. juli og ta seg god tid, med stans om natta. Han har plass til 3-4 personar ombord. Interesserte som vil vere med eller ha følge kan ta kontakt med Rasmus på telf. 90048993.
| Ingen kommentarar »
7. juni 2011
Riksantikvaren har no gjort vedtak om å frede M/F «Folgefonn». Ferga var landets største då ho vart levert i -38.
Diskusjonane rundt «Hamen», som ligg i Iddefjorden, pågår framleis for fullt, og stille er det heller ikkje rundt «Hestmanden», der det så langt er brukt 68 millionar.
Kongen skal til Gratangen og Nord Norsk Fartøyvernsenter. «Jøsenfjord» frå 1889 er tilbake til vestlandet etter mange år i Nederland.
Dette, og meir til, kan du lese i siste nyhetsbrev frå Norsk Forening for Fartøvern. Du finn det her; nytt_om_fartac2b8yvern_3_20111
| Ingen kommentarar »
6. juni 2011
MS Atløy har gjennom mange år deltatt på Torgdagen i Bergen, men må i år prioritere «Himmel og Hav» i Florø, som kolliderer.
Dette er synd, vi har alltidd hatt det bra under Torgdagen, og sosialt er det med alle dei gamle bpåtane og livet i Vågen. Vi føler likevel at vi må prioritere «heimebøen» under årest storhelg, med Kinnaspel, Sildebord, Laksen Dag, Båtmesse og god musikk.
Meir om alt som skjer kan ein lese på denne linken; Himmel og Hav
Lurer du på kva som kjer i Florø i sommar, finn du mykje på denne lenka; Sommarbyen
| Ingen kommentarar »
1. juni 2011
M/S Atløy er no midt i hektiske veker i Bergen med mykje køyring. Av forskjellige grunnar treng vi snarast folk som kan løyse av ein dag eller tre dei neste 14 dagane.
Har du høve til å ta i eit tak, òg naudsynte papir, vi svært glade for å sjå deg ombord eller høyre frå deg.
Vi kan love gratis kaffi, godt miljø og gode opplevingar. Ta kontakt med Rolf Grønnevik på telefon 915 91 089 om dette er mogeleg for deg.
| Ingen kommentarar »
30. mai 2011

Natt til 8. februar 1954 forliste den engelske trålaren ”Laforey” av Grimsby ved Sendingane vest av Batalden i Flora kommune. Alle dei 20 personane om bord mista livet.
Etterkomarar av ”Laforey” sitt mannskap kjem til Florø og Batalden 11. juni 2011 for å delta på båttur ut til forlisstaden ved Sendingane og vere med på markering og avduking av minnesmerke i Batalden.
Alle Atløy Venner er invitert til å delta på markering og avduking av minnesmerket. Alle som vil delta, må gje Trond Strømgren tilbakemelding innan 7. juni på telefon 40 29 87 29. Vi er også invitert til multimedieframsyning om forliset og vrakfunnet på Kystmuseet onsdag 8. juni kl. 1900. Foredrag, bilete og film v/Trond.
Programm og invitasjon finn du her; Invitasjon minnemarkering Batalden
| Ingen kommentarar »
25. mai 2011
Norsk Kulturminnefond løyvde 27. april kr. 395 000.- til restaureringa av D/S «Stavenes». Dette er summen det vart søkt om, og som skal gå til førebuingar og tilpassingar for innsetjing av dampmaskin og kjel.
Då «Stavenes» ligg ved Dåfjorden Slipp i Fitjar, er tildelinga (denne gangen) ført opp under Hordaland fylke. Kun dampskipet «Stord 1» fekk ved denne tildelingrunden meir midlar – kr. 500 000.-.
Riksantikvaren har tidlegare løyvd kr. 1 million, og DS Stavenes fekk halvparten av dei fylkekommunale kulturmidlane frå Sogn og Fjordane i år. Tildelingane viser at dei offentlege kulturmyndigheitene ser på Stavenses som eit viktig flytande kulturminne, og at restaureringa føregår etter antikvariske prinsipp.
| Ingen kommentarar »
25. mai 2011
Arbeidet på MS Stangfjord vil verte starta på nytt etter 1 Juni opplyser Åsmund Kristiansen ved Hardanger fartøyvernsenter.
Fartøyvernsenter måtte spesialbestille nokre lange lengder med hudplank til MS Stangfjord. Desse kom til fartøyvernsenteret i forrige veke, slik at no ligg det til rette for å gå i gang med prosjektet på nytt.
| Ingen kommentarar »
15. mai 2011
Då var endeleg årsmøtet gjennomført. Ved første forsøk vart innkallinga forkasta, og det vart kalla inn til nytt møte 6/5.
Her vart innkallinga godkjent og møtet satt. Rekneskapen vart gjennomgått, men gjennomgang av årsmelding og val vart utsett til nytt møte 12/5.
Styret di årsmelding finn ein her;arsmelding-2010
Referat frå møtet finn ein her; Referat 2011
| Ingen kommentarar »
28. april 2011
Sandviken Kystkultursenter gjentek suksessen frå siste år, og skipar til maritim bruktmarknad i kystkultursenteret. Marknaden er open for alle, lokale som tilreisande, og alle som har noko maritimt brukt dei ønskjer skal skifte eigar: Smått og stort, gamalt og nesten nytt. Det gjeld også båtar! Småbåter kan visast fram på land.

Det er plass til alle, og alle kan delta: Private, lag og organisasjonar og profesjonelle selgarar.Kun profesjonelle selgarar betaler deltakaravgift. For alle andre er det gratis!
Les heile invitasjon på vedlagde pdf; invitasjon-maritimt-bruktmarked-2011
| Ingen kommentarar »