24. april 2015 
  
          
            
Les om årsmøtet, ny forsikringsordning, tildelibgar frå Riksantikvaren og dei manglande løyvingane frå Kulturminnefondet, mva kompensasjon, CE – merking, revidering av havn og farvannsloven og sommarens festivalar.
Les det ved å klikke her.
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          24. april 2015 
  
          
            
Då er Riksantikvaren si løyvingsliste klar, og M/S Atløy ligg inne med 1.000.000,00. Vi gler oss sjølvsagt og ser også at mange andre viktige fartøy i Sogn og Fjordane har fått god uttelling iår.
Heile lista finn du på denne lenka!
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          4. mars 2015 
  
          
            
I går viste NRK eit 8 minutts langt program om Fjordaferda med båten og livet ombord som hovudpersonar.
Programmet finn du her; Glimt av Norge
 
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          24. februar 2015 
  
          
            Les om Landskonferansen, der vi var representert, Kystkultukameratene, nytt om lover og forskrifter, forsikringsavtale melom NFF og Marstal, Fjordsteam, Forbundet Kysten sitt landstemne, mogeleg veteranbåthamn i Stavanger, om Stavenes som har fått rattet sitt tilbake og problem med finansiering av NFF.

Les her; Nyhetsbrev NFF 1 – 2015
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          22. desember 2014 
  
          
            Les om statsbudsjettet, Landskonferansen 2015, økonomi i laget, verneforskrifta, «Boy Leslie», «Kysten» og «R/S Stavanger i NFF sitt siste nyhendebrev her;
Nyhendebrev 6
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          19. november 2014 
  
          
            
 foto Bernt Are Iversen
Sjå flott 8 siders artikkel i Firda om dugnadsgjengen på Atløy på denne lenka;http://issuu.com/firdamedia/docs/dama_dei_aldri_blir_lei/0
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          19. november 2014 
  
          
            
Arbeidet med Stevenes pågår for fult, og dei lovar å komme med damkjel og maskin installert til Fjordstem. Blant det som vert gjort er produksjon av eit komplisert røykopptakk, frå rundt til rektanglært med klink . Dette arbeidet vert utført på Bredalshomen.
Les framdriftsrapport her;141112 Fremdriftsrapport Stavenes
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          17. september 2014 
  
          
            Då er det endeleg klart til årets Fjordaferd. Vi skal innom 33 plassar på kysten og i Sogn med epler frå Solvorn og kålrbi, gulrot og potet frå Lærdal. Salta sild, lettsalta brosme og singelfrosen torsk og sei frå Ytøygrend, Bulandet og Kalvåg. Ruta finn du her; Fjordaferda 2014
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          21. juni 2014 
  
          
            Det vert bål likevel på jonsokaftan, og kva er vel då betre en ein tur med Atløy. Vi går omlag 20:00 frå flytebrygga v/Amfi. Båltenning klokka 21:00 og retur 22:00 – 23:00 etter behov.

Inga påmelding. Billett kr 100,- for vaksne og 50,- for barn.
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          12. juni 2014 
  
          
            Vestland Classic / M/S NORDSTJERNEN tilbyr medlemmer av veteranskipslaga rabatt på 5 dagers cruise til Hardangerfjorden 20. – 24. juni. Pris i utvendig lugar m/dusj og toalet og heilpensjon kr. 5000,- (ord. pris kr. 6000,-)
Hardangerfjorden 20 -24 juni 2014 pdf
           
  
           | Ingen kommentarar »