Nytt om fartøyvern

8. mai 2014

Les meir m årsmøte i NFF, Grunnlovkonvoien sine nye nettsider, «Ammonia» og «Storegut» som kan bli verdsarv, mogeleg freding av D/S «Børøysiund» og ikkje minst mykje nytt om nye reglar for verneverdige skip som er på høyring.

Unknown

Alt saman kan du lese her

M/S «Riskafjord II»

8. mai 2014

Norges eldste lokalruteskip er freda.

Riskafjord2

Les meir her

Gjensyn med gamle travarar!

23. april 2014

13. juni kan du bli Torfinn Svedal til Finland for gjensyn med gamle klassikara.

 

Frå invitasjonen saksar vi;

Turen går til dei finske sjøane hvor vi skal på cruise med M/S ”Brahe”, tidligere ”Sunnhordland”, søsterskipet til våre velkjente ”Sognefjord” og ”Sunnfjord” Turen går med en buss, som også er av moden årgang – en Scania Classic, typen som tidligere ble mye brukt som ekspressbuss. Det var da den kom, man begynte å snakke alvor om busser med komfort. Initiativtaker til turen er Torfinn Svedal i Leikanger og gode venner. Han er også turens reiseleder. Vi har noen ledige plasser, så skynd deg og ta kontakt med Knut Seime hos Feriespesialisten! Det blir overnatting på gode hoteller med halvpensjon. Priseksempel (delt dobbeltrom og minst 30 deltakere): kr.10.890,-. Mulighet for enkeltrom.

båt

Påmelding til Knut hos Feriespesialisten på telefon 900 44 103 eller reiseleder Torfinn på telefon snarest og innen 8.mai. E-post direkte: knut.seime@gmail.com.

Meir om denne spennande turen finn du på denne lenka

Historsisk kveld på MS Rogland

15. april 2014

I samband med at det er 70 år sidan eksplosjonsulykka 20.april 1944, kjem M/S Rogaland til Bergen. Skipet skal ligge i Bradbenkshopen, same stad det låg den skjebnesvangre dagen i 1944.

Rogaland

Bergen Fritidsfilmere har laga dokumentarfilm om det som skjedde i 1944. I tillegg vert filmopptak frå Fjordsteam 2013 vist. Desse filmane vert vist om bord laurdag 26. aprilmellom kl. 18.00 og 19.15.

Etter dette vert det New Orleans-inspirert musikk ved gladjazzbandet Bayou Blue og høve til å kjøpe lapskaus og forfriskningar – øl og vin.

VELKOMMEN – GRATIS ADGANG

Inga påmelding.

Glede for Stavenes

20. februar 2014

Atløys Venner gratulerer!

Etter 20 år kan Stavenes endeleg snart gå for eiga maskin igjen, slik Riksantikvaren lova etter at Atløy slepa Stavenes til kai Bergen under opninga av Fjordsteam i sommar. 2,5 million kroner er løyva frå verdsarvmildar, og går derfor ikkje frå farøyvernpotten.

Leis meir om saka her

 

Fjordsteam i Bergen 2013Foto: Helge Sunde

Nytt om Fartøyvern

20. februar 2014

Følg linken under, og les mellom anna om Grunnlovskonvoien, Landskonferansen til NFF, endringane i CO2 avgifta, motorseminar (vi sender to) og mykje anna.

Les heile nyhenderbevet på denne lenka

Dar kjem dampen

3. februar 2014

Laurdag 22/2 kjem Sogn og Fjordane Teater med kabareten «Dar kjem dampen» til Florø, og Atløys Venner og Veteranbåtlaget Atløy inviterer dugnadsgjengen til gratis framsyning. Er det andre som vil være med kostar framsyninga 120,- for medlemmer av Atløys Venner. Påmelding til Sander på 900 51 867. Vi møtest om bord om lag klokka 1730,  – forestillinga startar i Samfunnshuset kl 1830. Ivar Medaas er sjølvsagt ikkje med, men på scena får vi mellom anna møte Olav Stedje.

Dar kjem dampen Dar kjem dampen

 

I denne kabareten følgjer vi den folkekjære visesongaren Ivar Medaas si reise frå fjøs til scene. Vi blir tekne tilbake til tida då kaia og krambua var viktige møteplassar for menneska i utkanten. Frodige karakterar og det typiske kystlynnet blir framstilt med respekt og kjærleik plassert i eit miljø og ein kultur som er i ferd med å forsvinne.

Ivar Medaas var odelsguten frå Alversund I Nordhordland som vart spelemann, visekunstnar og humorist. Gjennom samarbeidet med komponisten Geir Tveitt og diktaren Jakob Sande vart ikkje forma hans berre rekna som nyskapande, den vart sett på som legendarisk.

Nytt medlem i NFF

30. januar 2014

Frå nyttår er passasjerskipet «Kysten» tatt opp som medlem av Norsk orening for Fartøyvern, NFF. Kysten er om lag 45 meter lang, med ein bruttotonnasje på 377.

DS-Kysten-300x210

I 1964 segla ”Kysten” som skuleskip under namnet ”Askaas” fram til 1971 då den fekk ny heimehamn i Tønsberg i høve byen sitt 1100-års jubileum. Deretter sigla den som ”Kysten I” passasjerturar i Tønsberg og Nøtterøy sin skjærgard fram til 2003 då det vart avdekka at fartyet trengde gjennomgåande reparasjonar. ”Kysten” var på Bredalsholmen Dokk- og Fartøyvernsenter fram til skroget vart ferdig og kom tilbake til Tønsberg i 2012.

Det står framleis omfattande arbeid att og mykje vert utførd på dugnad av frivillige. Skipet skal tilbakeførast til perioden 1950-1964. ”Kysten” har Riksantikvaren sin status som vernet skip frå 1989. Eigar sitt formål med fartyet er bevaring som museumsfarty og formidling av maritim historie.

M/S Rogaland freda

30. januar 2014

Riksantikvaren har vedtatt å frede M/S ”Rogaland”. I Riksantikvaren si begrunning går det mellom anna fram at;

«Formålet med fredningen er å ta vare på det siste av de mange kystruteskipene som trafikkerte strekningen Oslo-Bergen. ”Rogaland” har fra 1929 til 1964 tjenestegjort i en rekke av rutene som inngikk i denne strekningen. Formålet med fredningen er også å ta vare på sporene etter skipets 35 år  i rutefart, reflektert gjennom de endringsprosesser båten har gjennomgått som konsekvens av tidligere tiders skiftende krav og forutsetninger. Skipet krigshistorie knyttet til den store eksplosjonsulykken i Bergen 20. april 1944 er også en del av fredningsgrunnlaget. Slik ”Rogaland” fremstod i 1964 dokumenterer skipet skiftende tekniske og praktiske krav til fartøyene i denne ruten helt fra mellomkrigstiden og frem til 1964, bare få år før ruten ble nedlagt.»

 

Foto : Jan Tore Glenjen Foto : Jan Tore Glenjen

 

Etter det Atløy Venner kjenner til skal skipet no til Klaipeda for utbetringar av skroget.  Frå før er tre passasjerskip freda: D/S Skibladner vart freda i 2006, hurtigruteskipet M/S Nordstjernen i 2012 og sjøbussen M/S Vestgar for nokre veker sidan.

Les meir om M/S Rogaland på NFF sine sider på denne lenka

Mannskap!

21. januar 2014

Veke 15 vert det sikkerhetskurs i Måløy for dei av mannskapa som treng oppdatering. Om du sjølv treng oppdatering av sertifikat, gjer vel å gje melding til Rolf på 915 91 089 snarast. Atløys Venner betaler om du er ein av dei som er ein del med. Skibet vert liggande ved kai som losji, og ein del andre blir med nordover for å ta vårpuss ombord.

Kom gjerne ombord mandagane frå 1800 opg utover, i går var vi 9!

Vi legg frå no av ut (oppdaterte) mannskapslister, som du finn i høgremargen, under fana «Atløys Venner». Ser du turar som passar, eller har lyst på, tek du kontakt med Rolf som oppdaterer.