M/S Vestgar freda

21. januar 2014

Riksantikvaren har freda passasjerskipet M/S Vestgar. Skipet frå 1957 er det tredje passasjerskipet som vert freda. Frå før er det berre dampskipet Skibladner og hurtigruteskipet Nordstjernen som er freda.

Vestgar

M/S Vestgar har hovedsakelig gått i rute mellom Øygarden og Bergen, og er ein av dei mange såkalla sjøbussane som dukka opp etter andre verdskrig, då motorskipa erstatta dampdrevne skip.

Skipet gjekk i rute frå 1957 til 1979 då det vart seld. I 2007 vart skipet kjøpt tilbake til Vestlandet og restaurert. I 2008 fekk skipet status son verna, og no har Riksantikvaren oppgradert statusen til freda. Skipet skal nå restaurerast tilbake til slik det var i perioden det var i drift som ruteskip.

Fredninga er eit ledd i fartøyvernplanen som vart vedteken i 2010, der Riksantikvaren vil frede ulike fartøykategoriar etter tur. Fergeflåten er allereie gjennomgått. Etter at ein har gått gjennom flåten av passasjerskip, står verneverdige fartøy i fiskeflåten for tur.

(NTB)

Styremøter

16. januar 2014

Det vert styremøte i Veteranbåtlaget Atløy kommande tysdag 21/1 klokka 1700 på Kystmuseet. Mellom anna vert det gjennomgang av rekneskapen for 2013 og referat frå møte med Riksantikvaren angåande framdrift for vidare restaureringsarbeid. I styret for veternabåtlaget sit Rolf Grønnevik, Ludvik Grytten, Ludvig Sandvik og Marion Richter Semlali. Vara er Karl Johan Moldestad og Leif Kvalvik. Ludvik G er i varmare strøk, og vara vert oppmoda om å møte.

Det vert konsiuerande styremøte i Atløys Venner påfølgande dag klokka 1630 ombord. Der må vi planlegge arbeidet ombord framover, og samrå oss med Veteranbåtlaget kring vidare framdrift på restaureringa. Gjennomgang av sesongen, planlegging av årsmøte og gjennomgang av rekneskapen, slik at denne kan leggast fram for årsmøtet. Leif, Sander, Rof, Jan, Jan Ove, Ragnar og Ludvig sit i styret, Per Grov og Ludvig Sandvik eer vara.

Dugnad!

13. januar 2014

Arbeidet med å skrape båtdekket er no ferdig!  Eit kjedeleg arbeid er med det ferdig, så no er det berre å ta turen! Planen vidare med dekket er no ein grundig vask, for deretter tørk og oljing.

3 gladedekket2

I kveld, måndag, startar vi på «småplukk» med dører, karmar, kanskje trapp, rekkverk og rennesteinar, men mykje ser faktisk ganske OK ut. Oljerøyra til styremaskina skal vi også løyse frå og stelle pent med. Kom innom…….kaffien er klar frå 18:00.

«Gamle Helgeland» i hardt vær

13. januar 2014

Helgeland
«Gamle Helgeland» som held til i Sandnessjøen er i problem etter lyn-nedslag og underkjenning av MOB – båt. Dei treng no 350.000 for å unngå sal.

Les heile saka her ; Rana Blad og her; Helgeland Arbeiderblad

Godt år…og hugs dugnad!

6. januar 2014

Etter liten aktivitet i romjula…bortsett frå ei skrapekveld….startar vi opp at i kveld, måndag 6/1 klokka 1800 med dugnad.

dugnad

Leif og Karl-Johan held på med maskina, og det ser ut til at det går greitt med manifoilen, som er maskinert. Turboen er også ferdig, og er klar til henting. Vi har litt igjen å skrape på båtdekk, men ikje verre enn at vi blir ferdige i kveld.

Vell møte

Viktig møte med Riksantikvaren

10. desember 2013

sveisingStyreleiar Rolf Grønnevik i Veteranbåtlaget Atløy skal kommande torsdag møte Riksantikvaren for å diskutere vegen vidare.

Dei siste to åra har arbeidet med restaurering av skroget stoppa opp av di Riksantikvaren ikkje har funne midlar på sitt budsjett til å halde fram med arbeidet som planlagt. Eit av alternativa er å gå utanlands for å halde fram med arbeidet t.d i Polen der prisane er heilt andre på stålarbeid. Dette er sjølvsagt ikkje førstevalet vårt, men det kan bli naudsynt om vi ikkje klarer å finansiere arbeidet her til lands.

Konvoi til Oslo

10. desember 2013

KonvoiNorsk Forening for Fartøyvern, Forbundet KYSTEN og Kystlaget Viken inviterer fartøy til å være med på feiringa av Grunnlova sitt 200-årsjubileum.

I utgangspunktet hadde Forbundet Kysten planlagt eit tokt rundt kysten med M/S «Sjøkurs», men bestemte seg i november for å avlyse på grunn av manglande finansiering. Seglingsplan  vert kunngjot snart men viktige datoer er: Avgang Florø 9. juli, siste anløp før Oslo er Horten 16. juli hvor alle båtene går samlet inn til Oslo med ankomst ettermiddagen 17. juli og opninga av Forbundet KYSTENs landsstevne i Oslo fra 17. til 20. juli.

M/S «Atløy» vil på grunn av turistruter i Hardanger ikkje ha høve til å delta.

Meir om konvoien kan ein lese her http://kyststevnet2014.no/.

Hardanger likevel !

10. desember 2013

Etter ein del fram og tilbake ser det ut til at det vert «turistrute» i Hardanger likevel. Oppstart vert 1. juli frå Lofthus, og vi skal truleg gå tre rundturar kvar dag. Siste segling er 23. juli, så har du tid og vil være mannskap er det berre å melde seg.

hardanger

 

Truleg vert ruta slik;

 

2,5 timers runder

Lofthus

10:40

13:20

16:00

Aga

11:10

13:50

16:30

Utne

12:10

14:50

17:30

Lofthus

13:10

15:50

18:30

Nytt om fartøyvern

10. desember 2013

Les om kulturhistorisk konvoi, avlysing av Kysten sitt 2014-tokt, ny generalsekretær i NFF, Landskonferansen og referat frå årsmøtet i NFF, statsbudsjettet og nytt frå mange fartøy på denne lenka

Vi er i gang for vinteren!

6. november 2013

Måndag var første felles dugnadskveld for vinteren, og arbeidet med å skrape dekk er i gang…..godt begynt er halvt ferdig!

dugnad

Vi tenker dette kan være eit fint høve for nye interreserte Atløyvenner å komme seg inn i gjengen. Kvar måndag vil det uanset være aktivitet ombord, så det er berre å komme innom, om ikkje anna så for ein kaffi og ei god historie. Vi startar opp klokka 1800, og held på så lenge arbeidslysta er til stades.  Båten er innpakka, og arbeidsforholda er dei beste med både lys og varme.

Velkommen!