Julebord 7/12

6. november 2013

Tradisjonen tru vert det også i år julebord for Atløys Venner på Flora Samfunnshus. Bistro garanterer god julemat, og datoen er laurdag 7. desember!

I år spelar Aristocats frå storbyen Bergen opp, kjend mellon anna frå «Kranzen». Vi møtest ombord klokka 18:00, og må være til bords seinast 19:30

Påmelding til leiar(a)atloy.no eller på telefon 900 51 867.

Fast dugnadskveld

30. oktober 2013

Atløy ligg no «med burka» klar for vinteren, og på årsmøtet vart det ytra ønske om fast dugndaskveld slik at det er lettare for nye som vil engasjere seg i båten å komme ombord og gjere ein jobb. Ein vart derfor einige om å møtast fast kvar måndag klokka 18:00.

Av ting som skal/bør gjerast utover vinteren er mellom anna skraping av  båtdekk og service på turbo. Noko rust finn vi sikkert også, sjølv om det etterkvart er mindre av det. Det skal dessutan steikast vafler og drikkast kaffi, sommaren skal mimrast og nue turar planleggast. For deg som ikkje er kjend ombord er dette rette dagen!

Ny livbåt til Stavenes

30. oktober 2013

Fjordsteam i Bergen 2013 Foto: Helge Sunde

UNI-Stiftinga har gitt midlar til bygging av ein ny livbåt nr. to til D/S «Stavenes». Også tidlegare har UNI-stiftinga vore raus med «Stavenes», til mellom anna bygging av livbåt nr. 1. Begge livbåtane vert bygd ved Ornes Båtbyggeri i Luster.

På Fjordsteam i Bergen hadde «Stavenes» den første nye livbåten på plass, men med lånt livbåt på babord side. No slepp ein låna livbåtar frå andre

Årsmøtet

30. oktober 2013

Då var Årsmøtet i Atløys Venner ferdig, årsmelding og rekneskap godkjent og ny styret vald.

Referat kan du lese på denne lenka; Årsmøte 2013 og årsmeldinga på denne lenka; Årsmelding 2012

Jubileumstur med MS Lofoten

18. oktober 2013

Vi har fått følgande tilbod, som gjeld for medlemmer i Atløys Venner

27. februar 1964 vart M/S ”Lofoten” levert frå Aker Mek. til VDS. 5. mars 1964 avgikk M/S ”Lofoten” frå Bergen i sin første tur i Hurtigruten. No er skipet det siste attværande av dei klassiske skipa i Hurtigruten, med vernestatus gjeven av Riksantikvaren.

Lofoten MS Lofoten under Fjordsteam 2013

2. mars 2014 vert det 50 års jubileumsavgang frå Bergen. Blant dei som har sikra seg plass er 11 medlemmer av Norsk Veteranskibsklub i Oslo. Det er elles få ledige plassar igjen, men nokre er skaffa og vil bli tilbudt alle interesserte i veteranskipsmiljøa.

Tilbudet er som følger: Bergen – Kirkenes t/r -11 dager med lugar og full pensjon / pr. person:

D2 / I dobbeltlugar med vask (dusj og toalett på gangen): kr. 8113.-.

D1 / enkeltlugar uten dusj/toalett:kr. 12607.-.

A2 /dobbeltlugar med dusj/toalett: kr. 12607.-

A1/ enkeltlugar med dusj / toalett: kr. 18910.-.

Ved bestilling innan 31.10 får ein kr. 500.- i avslag. Om ein berre ønskjer reise eine veken, kontakt agenten.

Henvendelse til Jarlsbergreiser / tlf. 33 33 33 22 / post@jarlsbergreiser.no  Oppgi medlemskap i NFF.

Årsmøte

18. oktober 2013

Det vert årsmøte i Atløys Venner måndag 28 oktober kl 1900 ombord.
Vanlege årsmøtesaker. Gamle og nye venner velkommen.

Nytt om fartøyvern 4-2013

22. august 2013

Årsmøte, nye forskrifter, freding av «Gamle Salten», «Stord» 100 år, fergelemmen på Munkekaia, ny maksin til «Stavenes» og slutten for Bredalsholmen. Les meir på linken under

Nytt om fartøyvern 4 2013

Nytt om Fartøyvern 3

18. juni 2013

nff

I siste utgve av NFF sitt nyhendebrev kakn du lese meir om mellom anna den tore jubileumskonvoien som går til Oslo i 2014, om utkast til nye forskrifter for veteranskip, nye meldemsfartøy, tildeling frå Riksantikvar og Kulturminnefondet, krisa på Bredalsholmen, mange arrangement og ein del anna.

Nyhendebrevet kan du lese ved å følge denne lenka!

Frivillige til Fjordsteam

10. juni 2013

Fjordsteam treng frivillige som kan være behjelpelig til å gjere Fjordsteam til ein suksess.

fjordsteam2013

Det er behov for betjening til billett og souvenirboden på Bryggen. Med mange til å dele vaktene vert det ikkje så lange vakter. I tillegg trengs det liasonoffiserer som skal vere kontaktledd mellom deltakande fartøy og Fjordsteam. Når båtane kjem skal informasjons- og festivalmateriell bringast ombord.  Elles skal fartøya greie seg sjølv, men skal kunne ringe liasonoffiseren dersom det dukkar opp spørsmål av eit eller anna slag. Kan ikkje liasonoffiseren svare på det, eller være behjelpelig med å løyse problemet, skal han bringe det vidare til Fjordsteam-komiteen. Ein kan godt være både liasonoffiser og stå i billettboden.

Belønninga til dei frivillige vert: Gratis tilgang til Festivalferga Skånevik, invitasjon og gratis deltaking på fjordtur med D/STORD 1 fredag 2. aug og gratis deltaking på festivalmiddag 3. august.

Frivillige melder tilbake til post(a)fjordsteam.no

Maskinskade

10. juni 2013

Torsdag kveld fekk vi desverre maskinskade i Bergen, då ei av diselpumpene krangla. Feilen vart utbetra i løpet av natta og følgande dag/kveld, men det vart likevel eit betydelig tap på grunn av dette. Desverre mista vi to turar fredag, og Torgdagsrura laurdag. Laurdags kveld var vi igjen i fart. Skaden skuldast ikkje manglande vedlikehald, og det er lite vi kunne gjort for å foutsjå hendinga.

 

Vi orsakar ovanfor alle dette har skapt pproblem for!