M/F Skånevik på Fjærlandsfjorden

Publisert 29. mars 2012 under Nyhende

Kulturferga M/F «Skånevik» vert i sommar å finne på Fjærlandsfjorden i turistrute frå mai til september, med to daglege rundturar. Det er tilmed mogeleg å ta med bil på turen.  Mange hugsar sikkert ferga frå Nordsteam i 2005, då ho fungerte som hovudkvarter. Båten er i dag freda av Riksantikvaren, og ein rundtur på Fjærlandsfjorden er nok ei nostalgisk oppleving for dei fleste.

skaanevik

M/F ”Skånevik” vart bygd i 1967 på Ulstein Mek. Verksted i Ulsteinvik, for HSD i Bergen, som ein av fem.Det som var spesiellt for denne ferjetypen var at dei var utstyrd med stor utsiktssalong oppe på båtdekk. Dette fordi fergene skulle trafikkere lange strekningar, gjerne med mykje turistar. I tillegg var det eit stort promenadedekk akter bak salongen, slik at fergene også var godt eigna til å være ute på. ”Skånevik” trafikkerte dei fleste av HSDs ferjestrekningar før den vart pensjonert og seld midlertidig til Stiftinga Brørvikskuto i Bergen i august 2004. I mars 2005 vart ho overført til Ferjelaget ”Skånevik”.

Rutetider og prisar kan du finne på denne lenke; mf_skanevik_plakat2012