AL Atløy må leggast ned !

Publisert 21. januar 2013 under Nyhende

1. Januar 2008 trådde den nye samvirkelova i kraft. Dette medfører at organisasjonar som kjem under nemninga BA (begrensa ansvar) anten skal oppløysast eller omdannast til ei anna organisasjonsform frå og med 1.1.2013. Andelslaget Atløy kjem inn under desse reglane, og styret har i haust difor sett ned ei arbeidsgruppe som har vurdert korleis ein skal organisere seg framover. Arbeidsgruppa har bestått av to representantar for Atløy med bistand frå Deloitte.

 

Målsettinga for dette arbeidet har vore å vurdere;

  • Ulike organisasjonsformer for andelslaget
  • Vurdere prosess ved omorganisering
  • Formulere utkast til nye vedtekter
  • Vurdere andre forhold som kan gagne laget i omdanningsprosessen
  • Fremme ei anbefaling ovanfor styret i andelslaget 

Arbeidsgruppa har vurdert ulike organisasjonsformer og funne at organisering som foreining samsvarer mest med laget sin aktivitet fordi ein har eit felles mål om å ta vare på MS Atløy, noko som medfører mykje frivillig arbeid utan at eigarane har økonomiske fordelar av dette.

 

Andelane kan gjerast om til medlemskap, og medlemmene vil ikkje få formue, gjeld eller juridiske plikter som følgje av medlemsskapet. Ein annan fordel av organisering som lag/foreining er at ein på visse vilkår har anledning til å registrere seg i Frivillighetsregisteret med dei fordelane dette gir. Foreininga kan for eksempel melde seg som mottakar av grasrotandel og kan komme inn under reglane om momskompensasjon, som gjer at ein kan få attende meirverdiavgift frå staten sjølv om ein ikkje driv med avgiftspliktig verksemd.

 

Det er også utarbeidd eit forslag til nye vedtekter (sjå under). Desse er dels ei vidareføring av vedtektene i Andelslaget Atløy og dels nye vedtekter som er obligatoriske for å registrere seg i Frivillighetsregisteret. Nokre av dei vidareførte vedtektene er omarbeidde for og tilpassa den nye organisasjonsforma.

 

Oppløysinga av AL Atløy må følgje vedtektene til Andelslaget, og dette medfører at forslag til oppløysing vert fremma i ordinært årsmøte 31/1 – 2013. Det skal så kallast inn til ekstraordinært årsmøte, etter vedtektene min 4 veker seinare, truleg tysdag 28/1. Her vert endeleg vedtak om oppløysing bestemt.

 

Når oppløysing er vedtatt vert det valt eit avviklingsstyre som skal ta seg av det praktiske, og sende melding til Brønnøysund. Ein må så vente med vidare handsaming i ein periode på to månader. Dette fordi eventuelle kravshavarar skal kunne fremje sine krav til Andelslaget før endeleg oppløysing. Etter to månader sender avviklingsstyret inn ny melding om endeleg oppløysing til Brønnøysund, og laget vert sletta i registra deira.

 

Straks etter ekstraordinært årsmøte vert det skipingsmøte der ein skipar (om det er semje om det) det nye laget signerer skipingsdokument med nye vedtekter som skal registrerast i Brønnøysundregisteret.

 

Rekneskapstala i Andelslaget vert vidareført i den nye foreininga. Tidlegare innbetalt andelskapital vil framleis bli sett på som eigenkapital, og båten vert overført til same verdi som den har i rekneskapen til Andelslaget. Andelseigarane i Andelslaget Atløy vil ha høve til å gå inn som medlemmer i foreininga med sin andel av eigenkapitalen i Andelslaget som kontingent. Om ein ikkje nyttar seg av dette høvet vil ein misse retten til andelen.

Båten blir skjøtt over frå Andelslaget til foreininga. Vi har hatt kontakt med Skipsregisteret, som melder at dette enkelt lar seg gjennomføre.

 

Forslag til vedtekter for eit evt «Veteranbåtlaget Atløy» finn ein her ; Forslag til vedtekter Veteranbåtlaget Atløy

Oversikt over andeleigarar i AL Atløy finn ein i dette dokumentet : Andelseigarar AL Atløy

Som ein vil sjå manglar nokre adresse. Det kan være fordi andelseigar er avliden eller konkurs/nedlagt, eller at vi manglar rett adresse. Om nokon kan hjelpe oss med dessee er vi takksame, ta gjerne kontakt på telefon 900 51 867 eller send ei melding til leiar(a)atloy.no.