23. mars 2012 
  
          
            Det vart i går halde styremøte i A/L Atløy, dvs reiarlaget som eig M/S Atløy. Av sakene som vart diskutert kan nemnast;
- Rekneskap for 2011 vart gjennomgått, og slik det ligg an ser det ut til å bli eit monaleg rekeneskapsmessig underskot
 
- Atløys Venner overfører 500.000,- til A/L slik at vinterens verkstadopphald kan betalast.
 
- Det ser ikkje ut til at det vert midlar frå korkje fylkekommune eller Riksnatikvaren. Vi har gode grunnar til å klage på riksantikvaren si avgjerd, og Berit vil gjere dette innan fristen
 
- Årsmøte for A/L vert 28/3 som før bestemt.
 
- Førstehjelspkurs vil bli halde i løpet av mai.
 
- Fjordaferda vil starte 23. april og vare ei veke
 
Under evt vart saka med påsveisa buer bak keisinga diskutert, og styret betsemde seg for å halde seg til tidlegare vedtak, sak 19/11, dvs at desse skal vekk.
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          22. mars 2012 
  
          
            Passasjer og krisehandteringskurset (trøste og bære) som skulle avhaldast neste veke på Sikkerhetssenteret i Måløy er utsett til 12 og 13 april. Det oppsette IMO60 kurset går som planlagt i veke 16.

           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          18. mars 2012 
  
          
            Kulturkomiteen i fylket hadde møte onsdag, og heller ikkje i år ser det ut til at politikarane i Sogn og Fjordane finn å kunne støtte det viktige arbeidet med å ta vare på og restaurere M/S Atløy. At det ikkje ein gang finnast ein plan for dette arbeidet viser også kor stor vekt fylket legg på fartøyvern. Det vart berre løyvd 100.000,- frå fylket, og desse midlane (pluss det same frå SAVOS potten) vart delt mellom DS Stavenes og MS Stangfjord med 100.000,- på kvar. Ingen av fartya med tilknytning til Kystmuseet fekk løyvingar. Referat frå møte kan ein lese på denne lenka. Svært skuffande for oss, og les ein referatet kan ein jo undre seg kvifor ein legg såpass lite vekt på å ta vare på denne viktige delen av historia i fjordfylket.
Heller ikkje frå Riksantikvaren ser det ut til å bli midlar, og det kan bety at det vidare arbeidet med restaurering av skroget kan stoppe opp. Ingenting er offisiellt, men det ser ut til at den einaste båten med tilknytning til fylket som får midlar er DS Stavenes med 500.000,-, dvs ei halvering frå 2010 og 2011. Det ser ut til at mykje midlar no vert konsetrert rundt fartøya på Bredalsholmen. Hestmanden er ferdig og har kosta omlag 100 millionar, DS Kysten og SY Svanen er «på tur».
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          18. mars 2012 
  
          
            Skipingsmøtet vart halde laurdag 17/3 i Grendahuset i Stongfjorden og Gro Eikebø Stang ynskte dei frammøtte vel møtt på vegne av interimstyret.

Ove Losnegård orienterte om arbeidet som er utført på båten fram til no, og kva som mangla av arbeid. Det vidare arbeidet er avhengig av kva for ein motor som skal monterast i båten, og dette er noko av det første det nye styret lyt ta tak i.
Medlemskontigent vart sett til Kr.200.-pr.år for enkeltpersonar, kr.500.- for ideelle lag og organisasjonar pr. år. og kr.1000.- for bedrifter pr. år.
Vedtektene til laget vart godkjente og frå paragraf 2 kan ein lese;
Foreininga skal restaurere,ta vare på, eige og drive M/S Stangfjord, kjenningssignal LDYJ. Båten skal takast vare på og drivast som verneverdig fartøy og flytande kulturminne, og skal fremje interessa for og formidle kystkulturen i regionen og industrihistoria i Stongfjorden. Foreininga skal skape interesse for og spreie informasjon om skipet, og ved behov samarbeide med andre lag og organisasjonar med liknande føremål. M/S Stangfjord skal ha heimehamn i Stongfjorden.
Det vart vald styre, og desse består mellom anna av Sander Ødelien frå Atløys Venner;
Leiar: Gro Eikebø Stang
Medlem:Ove Losnegård
Medlem:Einar Ask
Medlem:Einar Losnegård
Medlem: Sander Ødelien
Vara: Ole Alvsvåg
Vara: Lasse Vie
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          6. mars 2012 
  
          
            Som vi har meldt tidlegare kan Askvoll Kommune ikkje eige M/B «Stangfjord» om dei skal kunne halde fram med å få midlar frå Rikantikvaren.

Det er derfor no tatt initiativ til skiping av eit Stangfjordens Venner som skal prøve å ta over eigarskapen til båten, slik at den kan vende «heim» til Stongfjorden etter at restaureringa er ferdig om nokre år. Møtet vert halde i Stongfjorden kommande laurdag klokka 1530. Det er Stongfjorden Vel som har tatt initiativ til møtet.
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          23. februar 2012 
  
          
            I går var skuta ferdig i Dåfjorden, etter at alt var montert tilbake på plass. Leif, Idar, Karl Johan og Ludvig er no ombord etter nokre hektiske dagar med ferdigstilling og klargjering, i tildels ufyselig vær.
I går gjekk turen til Jensanset for litt driving og småarbeid, før turen går til Bergen i dag rundt middagstider. Etter overnatting vert det tidleg avgang til Florø, der vi er venta inn omlag 16:00 (dvs fredag24/2).
Litt bilder tatt av Gerhard Bakke frå Jensanset;
Sleten gjeng
På veg til kai
Vel fortøgd utanpå Granvin!
Leif og Idar. Gjer dei seg klar til Kaizer konsert i helga?
Avreise frå Jensaneset....med vinterpresening
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          22. februar 2012 
  
          
            
Under finn de link til siste info-brev frå Norsk Forening for Fartøyvern.
Her kan ein mellom anna lese om nye medlem, årsmøtet, freding av M/F «Bilfergen», los Anders Holthe, Lofotr Vikingmuseum , avskjed med M/S «Nordstjernen», nytt frå andre fartøy og frå Sjøfartsdirektoratet.
Brevet finn du her; Nytt om 1-20122
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          10. februar 2012 
  
          
            
Gunvar Grindheim og gjengen er i full gang med å sikre «branntomta» og går nøye over båten for å finne alt i bronse og messing, noko som er eit «plukkarbeid». Det ser ikkje ut til at dei vil få utbetalt forsikring, men skroget er i god stand. Årsaka til brannen er enno ikkje kjend.
Lrd meir nytt frå NRK på denne lenka
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          10. februar 2012 
  
          
            Mange spennande båtar til sals, sjå berre her;
Ein kjenning frå Floraskjergarden, med karaktristisk lyd; M/S Tansøy
..eller denne, for den med ekstra mykje fritid: M/S Nordstjernen
Denne er seld, men vekker sikker minner den og ; M/B Delfinen
           
  
           | Ingen kommentarar »
         
  
        
        
          
          7. februar 2012 
  
          
            I går gjekk MS Atløy på sjøen igjen, og tett og fin både i hekken og på BB sida! Innpå 30 kvm stål er skifta, spant, kneplater og store delar av skroget er no som nytt. M/S Midthordaland ligg i kø, og er no venteleg komen opp.
Arbeidet med å sette opp fundament til hjelpemotor er i gang, «badet», dusj, pumper og VV tank skal på plass, og i utgangspunktet skal dette arbeidet være klart om ein 14 dagars tid, men triste nyhende gjer at vi må utsette dette ei tid.
           
  
           | Ingen kommentarar »