Medlemsinfo januar 1998

Det er på tide å ønske godt nytt år, og samtidig sende med ei lita påminning for dei som ikkje har hatt høve til å betale medlemsavgift. Mange har spurt kva det skal være godt for ; det gir jo ingen fordelar. Vi tar kritikken til følgje, og vil frå og med no være flinkare til å sende informasjon, -og lage i stand turar.

1997 var nok eitt godt år for M/S Atløy. Dugnadsaktiviteten var høg, også i fjor kom vi over 3.000 dugnadstimar. Gjengen er stort sett den samme, men vi ønskjer svært gjerne å sjå fleire om bord til dugnad. Vi hadde totalt 36 turar, og gledeleg er det at vi ser fleire og fleire kundar både frå Førde og Måløy som gler seg over turen om bord. Vi hadde i fjor også gleda av å skysse « Kulturminnestafetten 97 » gjennom fylket, noko som både gav klingande mynt i kassen og mykje heider. Mottakinga vi fekk rundt i fylket var eineståande, og viser kor mykje M/S Atløy betyr for folk.

For mange av  oss har dette vært ein stille vinter, då Atløy har vært på verft i Hardanger for å skifte båtdekk og styrehustak. Det nye dekket er i oregon pine, som originalt, og på lag ferdig. Reparasjonen har vorte dyrare en venta, og kassen er no nærast tom, både hos oss og hos Andelslaget som eig båten. Vi har vidare fått tak i ein bytemotor, som vi treng å oppbevare på ein skikkeleg måte, slik at vi kan spare utgifter til nye deler, som ofte er unødvendig. Vi treng derfor all den hjelp vi kan få, og vonar du får tid til å sleppe giroen i kassen. Medlemsavgifta er 100,- for enkeltmedlemmer og 150,- for familiar, men det er ingenting i vegen for å betale meir.

Vi håper å hente båten heim med det første, slik at vi kan få båten ferdig til sesongstart 18. Mai. Vi vil trenge mykje hjelp, og vil møtest som vanleg på måndagskveldar etter at båten er komen. Ta turen innom, der blir både arbeid, kaffi og gode historier

Sander

 

 Medlemsinfo

2002

2001

2000 1999 1998
. .

Nov

Aug

Des
. . Okt

Febr

Okt
. .

Febr

Juli

Sept
. .

.

. Juni
. . . . Jan

Nyheits oversikt

2003

Februar
Januar

2002

November
  • "Atløy" skal vinterkledast
Januar
  • Stokkholm via Göta Kanal
  • Årsmøte
  • Framdansen
  • Kurs i driving av dekk
  • Fjordaferd til Nordfjord
  • Sikkerhetskurs på Nutek

2001

Desember
  • Atløyboka over forventninga
  • Søknad til Riksantikvaren
  • "Julegåve" til Atløy
  • Julebord fredag 14. desember
  • Vurderer tomtekjøp 
November
Oktober
  • Nytt lån
  • Livbåt skal fjernast
  • Rekka skal tilbakeførast
Februar
  • Atløy i Dampskibs Posten
Januar
  • Snart "ship-shape" på "Atløy"
  • "Atløy" med 50-talsstil

2000

Desember
  • Dugnad gir 10.000,-
  • Vellukka lutefiskmiddag.
November
  • A/L Atløy tar opp lån. 
  • Salongen tar form
  • Lutefisk-kveld 08.12.00
  • Video, restaureringa,DS Oster 
Oktober
  • Video frå Nordsteam 2000
  • Arbeidet i gang på HFS  
  • Atløydansen
  • Referat frå Årsmøte i AL Atløy
  • Utvida slipping på Halleraker
  • Steinar Bastesen til dansen
  • Kjempe sesong for Atløy
  • Planlegging av neste sesong.
September
  • Sesongavslutning på Skjærjehamn
  • Utvær fyr er 100 år.
  • Dokumentasjon av Atløy 
August
  • Olje messe i Stavanger
  • Nordsteam 2000 i Bergen
Juli
Juni
  • Atløy helsar Erling Jarl
  • Til Hardanger Trebåtfestival
  • Samarbeid med MS Granvin
  • Atløy med eigen pub.
  • Ny generator
  • Avlysing av tur til Selje
  • Artikkel om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
  • Originale dekkstolar attende
Mai
  • Gåve frå Fylkesbåtane 
  • 60.000,- frå Sparebanken FB
  • Gamalt kart frå Vestlandets Fjorder”  1952.    
  • Atøly endeleg sertifisert.
April 
  • Ny hjelpemotor
  • Rustbeskyttelse av 2. 
  • Ny Autopilot
Mars
  • Gave frå Sparebanken SF
  • Kulturby Bergen 2000
  • Avtale med Vestkysten
  • Suletur 14. til 16. juli
  • Kaiplass for Atløy
  • Utleie mot nye rekordar
  • Angrande syndar 
Februar 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.