Medlemsinfo november 2000  

MS Atløy på Hardanger Fartøyvernsenter
Atløy ligg no på Hardanger Fartøyvernsenyter i Norheimsund for oppattbygging av salongen framme under dekk. Dette arbeidet vert utført med støtte frå Riksantikvaren, og er venta å være ferdig i slutten av desember. Ein gjeng var i Hardanger førre helg for å ta siste del av stålarbeidet og pakke inn styrehuset, slik at vi slepp unna med ein del skraping til våren. Slippinga på Halleraker kom på 125.000,- noko som ikkje var budsjettert til meir enn ca 50.000. Andeslaget lyt difor ta opp eit større lån for å betale ut, men vi reknar med at vi vil kunne betale dette tilbake i løpet av vinteren. Desse pengane vil vi prøve å få inn gjennom eit lotteri som vil starte opp i slutten av januar og arrangering av ny dans. Atløydansen i oktober gav ein netto på 20.000,- noko vi er vel nøgde med.

Neste sesong
For neste sesong planlegg vi å være i Bergen dei føraste 14 dagane av juni, då både prisar og marknad er betre her. Då dieselen er gått opp til nesten det doble frå starten av sesongen til slutten av sesongen, vil vi for neste år justere prisane noko. Timepris for neste år vil bli 2.000,- noko som er 10% opp i forhold til i år. Dette er billeg i forhold til dei fleste andre veteranskip, men dyrt i forhold til skyssbåtane i Florabassenget. Den eksklusive agentavtalen med Vestkysten Reiseliv vil verte oppsagd. Vi vil fortsette samarbeidet, men FSF og Maitime Tours i Bergen vil også ta del i salget. Som vanlig vil det bli sesongstart 17de mai med graut på Fanøybua for vennar og vennars venner. Frå  6te juli vil vi gå på langtur til Bud saman med søsterbåten Granvin og vonleg mange av Forbundet Kysten sine båtar. Målet for turen er Kysten sitt landstemne, og innkomsten av Cutty Sark i Ålesund. Eksakt opplegg for turen er enno ikkje klart, og vi vil komme tilbake med meir detaljar utover våren. Turen vil være open for alle, så her er det berre å henge seg på.
 

Samlingar utover vinteren
Medan vi ventar på Atløy (som kjem att rett over jul) har vi nokre samlingar utover.

Videokveld på HjørnevikbuaMandag 20 november 
med visning av filmen ”Dar kjem dampen” frå klokka 2100. Dette er er historia om oppattbygginga av DS Oster,  miljøet rundt og songen. Etter denne viser vi den offisielle videoen frå Nordsteam-stemnet som  vi deltok på i august. Her vert det garantert mange flotte bilete, både frå Vågen og båtane.  

Lutefisk-kveld i ”Kinnkjellaren” 8 desember
Vi har i år bestemt oss for å sløyfe julebord. I staden vert det Lutefisk-kveld i ”Kinnkjellaren” 8 desember klokka 1900. For dei som ikkje likar lutefisk er det og høve til å bestille juletallerken. Bistro To Kokker syter for maten, så her burde alt være på stell. Prisen er 160,- som dekker mat og leige av lokale. Drikke lyt kvar enkelt syte for sjølv, men ein skvett akevitt bør absolutt være med. 

Bindande påmelding på 900 51 867 eller på leiar@atloy.no seinast innan 30.11.00.

Nyhende på E-post?
Nyhende vert fortløpande lagt inn på heimesidene våre. Vil du ta del i nyheitsbrevet som kjem oftare ut enn dette skrivet, sender du adressa di til leiar@atloy.no. Då vil vi sende nyhenda så fort dei kjem.

Florø 10/11/00  

 

 Medlemsinfo

2002

2001

2000 1999 1998
. .

Nov

Aug

Des
. . Okt

Febr

Okt
. .

Febr

Juli

Sept
. .

.

. Juni
. . . . Jan

Nyheits oversikt

2003

Februar
Januar

2002

November
  • "Atløy" skal vinterkledast
Januar
  • Stokkholm via Göta Kanal
  • Årsmøte
  • Framdansen
  • Kurs i driving av dekk
  • Fjordaferd til Nordfjord
  • Sikkerhetskurs på Nutek

2001

Desember
  • Atløyboka over forventninga
  • Søknad til Riksantikvaren
  • "Julegåve" til Atløy
  • Julebord fredag 14. desember
  • Vurderer tomtekjøp 
November
Oktober
  • Nytt lån
  • Livbåt skal fjernast
  • Rekka skal tilbakeførast
Februar
  • Atløy i Dampskibs Posten
Januar
  • Snart "ship-shape" på "Atløy"
  • "Atløy" med 50-talsstil

2000

Desember
  • Dugnad gir 10.000,-
  • Vellukka lutefiskmiddag.
November
  • A/L Atløy tar opp lån. 
  • Salongen tar form
  • Lutefisk-kveld 08.12.00
  • Video, restaureringa,DS Oster 
Oktober
  • Video frå Nordsteam 2000
  • Arbeidet i gang på HFS  
  • Atløydansen
  • Referat frå Årsmøte i AL Atløy
  • Utvida slipping på Halleraker
  • Steinar Bastesen til dansen
  • Kjempe sesong for Atløy
  • Planlegging av neste sesong.
September
  • Sesongavslutning på Skjærjehamn
  • Utvær fyr er 100 år.
  • Dokumentasjon av Atløy 
August
  • Olje messe i Stavanger
  • Nordsteam 2000 i Bergen
Juli
Juni
  • Atløy helsar Erling Jarl
  • Til Hardanger Trebåtfestival
  • Samarbeid med MS Granvin
  • Atløy med eigen pub.
  • Ny generator
  • Avlysing av tur til Selje
  • Artikkel om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
  • Originale dekkstolar attende
Mai
  • Gåve frå Fylkesbåtane 
  • 60.000,- frå Sparebanken FB
  • Gamalt kart frå Vestlandets Fjorder”  1952.    
  • Atøly endeleg sertifisert.
April 
  • Ny hjelpemotor
  • Rustbeskyttelse av 2. 
  • Ny Autopilot
Mars
  • Gave frå Sparebanken SF
  • Kulturby Bergen 2000
  • Avtale med Vestkysten
  • Suletur 14. til 16. juli
  • Kaiplass for Atløy
  • Utleie mot nye rekordar
  • Angrande syndar 
Februar 

 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.