Framdekket
er no ferdig lagt, og vi har akkurat fått melding om at Riksantikvaren
forskoterer midlar til å starte på lugarane på øvste dekk og
postlugaren. Då denne beskjeden kom svært seint, vil Fartøyvernsenteret
berre kunne arbeide inntil slutten av månaden med lugarane. Dette vil
allike vel være tid nok til å få ei oversikt over evt skadar, slik at
vi kan fortsette arbeidet her. Det er i alle høve eitt godt signal for
neste vinter; arbeidet i regi av Fartøyvernsenteret vil halde fram. 1.
mars står framleis fast som siste retur til Florø, og vi må belage oss på mykje arbeid etter ”heimkomsten”. Resten av 2. klasse skal
rivast, og vi veit allereie at vi må skifte eit par spant, sjekke
tanktoppar og kofferdam (?). Dobling av ei plate i baugen må og
sjekkast, og Skipskontrollen vil kontrollere tjukna på skroget. Alt dette må
vonleg gjerast å slipp av fagfolk. Vi vil også prøve å få
med oss ein ingeniør frå Bredalsholmen, som vil ha svært god kunnskap
om stål og skrogarbeid på klinka båtar. Ein midertidig plan går
derfor ut på å gjere alt klart for slipp før påske, for å gå på
slipp rett etter påske. Oppstart for sesongen vil bli 15de mai, men vi
har allereie ein tur siste helg i april dersom vi blir ferdig.
Ein
modell for sponsing av Atløy er no klar, og prosjektet for ”Atløyfondet”
er ferdig utarbeida slik at salet av prosjektet kan ta til. Prosjektet
er godkjent av styra i både Atløys Venner og Andelslaget Atløy, og
ser ut omlag som presentert i siste brev. Siste frist for på teikning er
sett til 31 mai, og minstebeløp er sett til 5.000,- pr år i fem år.
Det har allereie meldt seg interesserte, så dette ser svært lovande
ut. Dersom det er medlemmer som har gode forslag til sponsorar, og kan
jobbe litt med dette, er eg glad for ein lyd på mob 900 51 867. Svein
Lin Hansen har også eit interessant prosjekt på gang som kan kaste
pengar av seg, men han treng hjelp. Nøl ikkje med å ta kontakt dersom
du føler at du kan yte ein skjerv.
På
styremøte i Atløys Venner vart også dato for Årsmøte sett til 4
mars klokka 18.00. Fullstendig innkalling vil komme i Firdaposten ca 14
dagar før møtet. Styremøtet i Andeslaget vedtok å låne 50.000,- frå
Fylkeskulturkontoret, som styret sjølve kausjonerer for. Desse pengane
var nødvendig for å hente Atløy ut frå verftet, og
Fylkeskulturkontoret har velvillig stilt opp med rentefritt lån.
Når
det gjeld landbase kan det sjå ut som om vi kan være med på eit
prosjekt ved flyplassen. Ein gammal hall på ca 600 kvm skal rivast, og
kan overtakast vederlagsfritt. Hallen treng ein del stell, ei platting må
støypast og det må trekkast fram strøm. Vi håper å få dette til på
dugnad, men må allikevel regne
med ei utgift. I hallen kan vi vonleg få til ein verkstad, og kanskje
også eit avgrensa lager.
Florø
05/02/99
Sander
|