Sesongen
er no halvveis over, og vi går inn i den stille å perioden med
ferieavvikling. Etter ein del misnøye ombord er avtalen med Vestkysten
no på det nærmaste reforhandla, slik at Vestkysten framover vil få
ein kommisjon på 500,- pr tur, i staden for 400,- pr gangtime som dei
har hatt til no. Dette vil naturlig nok føre til auka inntekter for båten.
Andelslaget Atløy som
eig båten hadde Årsmøte tysdag 30.06. Rekneskap, budsjett og
årsmelding vart godkjent, og Vestkysten-avtalen vart diskutert.
Rekneskapen gjekk i fjor ut med eit overskot på ca 50.000,-, noko som
er ca 15.000 betre enn fjordåret. I tillegg var det semje om at styret
må diskutere seg gjennom prispolitikk for neste år. Det vart frå
Årsmøtet ytra ønske om lågare prisar, slik at også lag, foreiningar
og skular kan nytte båten i større grad. Dette både fordi vi i dag
ligg høgt i pris, konkurransen er auka, men ikkje minst fordi vi har
eit ansvar for å formidle båten som eit levande kulturminne, ikkje
minst til ungdom.
Ved ein event. auka aktivitet vil det verte ei utfordring å
finne nok frivillig mannskap.
Vi skal som kjent flytte
ut frå lageret i kanalen, som no vert disponert av Kystmuseet. I
framtida vil vi måtte gå for ei delt løysing, der vi leiger eit
lokale ved Solheim Diesel til lager og på sikt kanskje også verkstad.
I tillegg har Kystmuseet inngått avtale med Global Florø om 5 års
lån av notahenga i Ausa. Her kan vi låne plass, mot at vi hjelper til
med flyttinga. Planen er at vi skal rydde og flytte kanalen 6. juli
klokka 1700, deretter skal Kystmuseet rydde sitt. Søndag 12. juli vert
det rydding av henga, og vi ber så mange som mulig stille denne
søndagen. Vi har fått låne oppdretts båt av Gudmund Strømsnes, og 2
truckar av Global Florø. Vi vil såleis vonleg få gjort mykje denne
dagen, men vi er avhengige av at det stiller nok folk, slik at båten
kan gå i skyttel heile dagen. Still derfor opp på Kinn Salmon (gamle
Skaarfish) si kai søndag klokka 0900 for transport over til henga.
Arbeidet med Hellesen bua går tregt, og vi ventar på kommunen i
spenning.
Fellesturen
til Bulandet vart ein suksess, og folk hadde ein kjempetur. Med dette
friskt i minne vert det derfor satt opp ny ”Suletur” nest siste
helga i august. Programmet er ikkje fastsett enno, men for spørsmål
kan ein kontakte Vigleik Farø, som er turansvarleg. Laurdag vil det
verte dans og moro i Hardbakke, søndag tur i Ytre Sula og evt Utvær.
Vi minner og om Jacob Sandefestivalen 7de til 9de august. Program og
påmelding ombord (i permen).
Florø 02.07.98
Sander
|

Medlemsinfo
|
 |
|
Nyheits oversikt
|
|
2003 |
Februar |
|
Januar |
|
2002
|
November |
- "Atløy" skal vinterkledast
|
Januar
|
- Stokkholm via Göta
Kanal
- Årsmøte
- Framdansen
- Kurs i driving av dekk
- Fjordaferd til Nordfjord
- Sikkerhetskurs på Nutek
|
2001
|
Desember
|
- Atløyboka over forventninga
- Søknad til Riksantikvaren
- "Julegåve" til Atløy
- Julebord fredag 14. desember
- Vurderer tomtekjøp
|
November
|
|
Oktober
|
- Nytt lån
- Livbåt skal fjernast
- Rekka skal tilbakeførast
|
Februar
|
|
Januar
|
- Snart "ship-shape" på "Atløy"
- "Atløy" med 50-talsstil
|
2000
|
Desember
|
- Dugnad gir 10.000,-
- Vellukka lutefiskmiddag.
|
November
|
- A/L Atløy tar opp lån.
- Salongen tar form
- Lutefisk-kveld 08.12.00
- Video,
restaureringa,DS Oster
|
Oktober
|
- Video
frå Nordsteam 2000
- Arbeidet i gang
på HFS
- Atløydansen
- Referat frå Årsmøte i AL Atløy
- Utvida slipping på Halleraker
- Steinar Bastesen til dansen
- Kjempe sesong for Atløy
- Planlegging av neste sesong.
|
September |
- Sesongavslutning
på Skjærjehamn
- Utvær fyr er 100 år.
- Dokumentasjon av Atløy
|
August |
- Olje messe i Stavanger
- Nordsteam
2000 i Bergen
|
Juli |
|
Juni |
- Atløy helsar Erling Jarl
- Til Hardanger Trebåtfestival
- Samarbeid med MS Granvin
- Atløy med eigen pub.
- Ny generator
- Avlysing av tur til Selje
- Artikkel
om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
- Originale
dekkstolar attende
|
Mai |
- Gåve
frå Fylkesbåtane
- 60.000,-
frå Sparebanken FB
- Gamalt
kart frå Vestlandets Fjorder” 1952.
- Atøly
endeleg sertifisert.
|
April |
- Ny hjelpemotor
- Rustbeskyttelse av 2.
- Ny Autopilot
|
Mars |
- Gave frå Sparebanken SF
-
Kulturby Bergen 2000
- Avtale med Vestkysten
-
Suletur 14. til 16. juli
- Kaiplass for Atløy
- Utleie mot nye rekordar
-
Angrande syndar
|
Februar |
|
|