Sidan
siste informasjon har svært mykje skjedd. Vi hadde som planlagt
stordugnad den 12te september, og fekk tømt båten for laust utstyr og
ein del boss. Utgangspunktet var då at båten skulle til Hardanger før
jul. Etter dette er kontrakten kome på plass, og båten er allereie
levert til verftet i Hardanger.
Dei
tre vekene etter den 12te september vart derfor svært hektiske, med
dugnad nesten kvar dag. Jobben vart gjort og 2de plass salong vart reven
(tak og øvre del av skott). Skipskontrollen har også vært ombord for
godkjenning. Stålet ser bra ut, men det står framleis att å få
godkjent tanktoppar og kjettingkasse. Vidare vil ein gå over skroget
for å måle tjukna, særleg der det tidlegare er dobla med sveiste
plater. Dette vil først verte gjort når heile salongen er borte, dvs
etter at det nye dekket er lagt.
5te
september gjekk båten til Norheimsund, og påfølgjande helg var 10
mann i Hardanger for dugnad. Presenning vart bygt og delar av det gamle
dekket vart reve. Veka etter var Kjartan Tverranger, Torbjørn Aslaksen
og Langøy igjen og reiv resten av dekket. Desse tre gjorde ein
fantastisk jobb dei verkeleg fortener ros for. Stålet vart også prima,
og teikningar av det som må skiftast av stål vart laga. Skjering av
dette er allereie i gang, og det vert truleg sett på plass allereie
neste helg, då eit nytt lag reiser til Norheimsund. Arbeidet med det
nye dekket er allereie i gang, og skal etter planen være sluttført
innan midten av januar.
Ein
stor jobb er gjort, men vi må nok forvente oss på mykje meir arbeid
når båten er tilbake. Resten av salongen skal rivast, alt stål skal
godkjennast og manglar
rettast opp. Kva dette vil innebere har vi enno ikkje oversikt over, det
vil først bli klart etter rivinga. Til slutt skal salongen bygjast opp
att slik den var. Korvidt vi kan regne med å klare alt dette på dugnad
er usikkert. Pr i dag vil det muligens bli for stor belastning på dei
få svært aktive, og vi må
derfor utvide ”stammen” av aktive. Det som er heilt sikkert er at
dette vil koste mykje pengar, både til materialer og arbeid vi lyt
sette vekk. Vi tek derfor sikte på ein økonomisk dugnad for å skaffe
200.000,-, som synest nødvendig. Korleis dette skal skaffast er enno i
det blå, men ei arbeidsgruppe på 3 personar (underteikna, Trond
Økland og Stein Malkenes) startar arbeidet no. Dersom nokon har idear
er vi svært takknemleg for innspel.
Florø
14.10.98
Sander
Ødelien
|