Ja,
så er endeleg sesongen i gang, og skuta skin som aldri før. Det meste
er gjort, men sjølv om Idar meiner vi er for flittige til å male, står
det framleis litt småplukk att. Dei første turane er unnagjort, og
bortsett frå litt kluss i kommunikasjon Vestkysten – underteikna og
mannskap har alt gått bra. På grunn av ein kjempe dugnadsinnsats
klarte vi å verte ferdig til 14de mai, og det var det ikkje mange som
trudde når båten kom att i midten av mars.
Når
det gjeld den av og til manglande informasjon, vil dette verte løyst
ved at det alltid vil ligge ein perm i postlugaren, som alle kan sjå
igjennom. I denne vil ein finne informasjon om felles turar, referat frå
styremøte og årsmøte, instruksar for sal og oppgjer, instruksar for
mannskap, oversikt over utleigde turar, mannskapslister og anna
informasjon som kan være av interesse. Merk dykk spesielt
mannskapslista, der er framleis mange ledige hol, også for dekksfolk. I
tillegg til dette vil eg prøve å få ut ein info som denne ein gong i
månaden til alle medlemmer.
Frå
årsmøtet nemner eg kort det nye styret ; Sander Ødelien
(formann, ikkje på val), Asle Espeseth (ikkje på val), Ludvik Sandvik
(ikkje på val), Kjartan Tverranger (ikkje på val), Ludvik Grytten
(attval), Stein Malkenes (ny) og Svein Lin Hansen (ny). Det nye styret
har allereie konstituert seg, og referat skal finnast ombord. Det har
til no vorte sett opp 2 felles turar ; helgetur til Jacob
Sande-festivalen i Fjaler og dagstur til Buelandet 28de juni). Vidare er
ein samde om å nytte båten til felles tur på St. Hansafta dersom vi
ikkje får utleige. Informasjon om dette finnast i infopermen ombord.
Hugs påmelding.
Vi
minner også om at vi fortset med samlingar ombord kvar mandags kveld.
Framover er dette eit fint høve til å arbeide, men også ta ein kaffi,
og kanskje vaflar frå Svein når været innbyr til det. Vi må også
belage oss på å tømme kanalen for vårt utstyr, men det er mogeleg vi
kan få nokre månader ekstra inntil arbeidet med ny landbase er ferdig.
For tida held kommunen på med å bearbeide dei noverande eigarane, og
det vert spennande å sjå om dette lykkast. Kommunen ser svær positiv
på forslaget, og dette vil være viktig ikkje minst når vi skal
finansiere eit storprosjekt som dette blir.
God Sommar ! ! ! !
Sander
|