Medlemsinfo februar 2000

Lite medlemsoppdatering
Beklager, det har no gått 5 mnd sidan siste info. Ein del skyldast mangel på pengar, ein del skyldast manglande system. Vi kjem no sterkt tilbake. 1999 kunne blitt slutten for den gode gjengen vi har på grunn av mykje unødvendig motbør. 

1999 sesongen spolert.
Året starta bra, vi henta båten i Norheimsund etter at fordekket var skifta. Vi starta straks på klargjering til sesongen. Skipskontrollen hadde gitt klarsignal på at vi kunne gå utan salongen på 2.de klasse framme ferdig. På slipp i Måløy kom den store bomba ; I form av ein faks fekk vi beskjed om at båten ikkje ville bli sertifisert før alt stål som var redusert med meir enn 20% var skifta. Dette skjedde før ein einaste inspektør hadde vist seg om bord. Vantru tok vi kontakt med Skipskontrollen, og fekk avgjerda bekrefta. Vi prøvde og å finne ut kva kravet var, utan at dei same kunne hjelpe oss med det. Etter samtalar med Veritas fann vi rett platetjukne, og starta målingar med ultralyd. Av 1.200 målingar synte det seg at berre 2 punkt var under kravet. Konfrontert med dette svarte Skipskontrollen at desse punkta måtte utbetrast, og at dei i allfall ikkje kunne sertifisere før etter 6 veker p.g.a. ferie (!!). Vi såg slaget som tapt, og bestemte oss for ikkje å ta opp ein nyttelaus kamp. Don Quijote slost mot vindmøller, - det hadde vi ikkje tid til.

Forskot frå Kulturby Bergen.
Eit raskt overslag tilsa at vi trengde ca 120.000 for desse utbetringane. I tillegg ville vi utbetre eindel spant som vi såg var klar for det. Via ein avtale om deltaking for Sogn og Fjordane Fylke v/Kulturetaten under Kulturby Bergen mottok vi forhandsbetaling på min 150.000,- og kunne såleis sette i gang. Arbeidet vart utført i Dåfjorden, og er så langt godkjent av Skipskontrollen i Haugesund. Etter dette gjekk båten til Norheimsund og Hardanger Fartøyvernsenter for ferdigsilling av Båtsmanns- og Skipperlugar. Messa vart også delt, slik at det gamle billettkontoret og postkontoret no er slik det var då Atløy gjekk ut av drift. Det er ei glede å sjå dei nye lugarane, og HFS har gjort ein bra jobb. Dette arbeidet skjedde med støtte frå Riksantikvaren. P.t. har vi fått signal om at Riksantikvaren også vil yte midlar til oppattbygging av 2. klasse salong forut dersom vi kan komme opp med ein tilfredsstillande dokumentasjon.

Eiga heimeside.
Nytt av året er at vi snart vil være tilgjengelig med eiga heimeside. Dette vil lette informasjonen mykje. Sjekk  opp www.atløy.no om nokre veker. Her vil mykje informasjon bli lagt ut. Salet for sesongen ser svært bra ut, og vi har pr dato solgt turar for ca 250.000,- så dette lovar bra. Med Atløy lotteri (73.000) og Framdans (45.000) har vi også greidd oss økonomisk fram til no. Ny turbo og ny ankerkjetting er kjøpt inn, men det finnast fortsatt litt på konto

Dugnad kvar måndag
Atløy ligg no på Kleven for klargjering og grunning av salongen framme. Til hausten vil denne bli oppattbygd. Det er arbeid om bord kvar måndag frå ca 1800, så har du lyst må du gjerne ta ein tur om bord, -om ikkje anna så for ein kopp kaffi. 

Årsmøte
Hugs også Årsmøtet 29/02/00 klokka 1800 på Kakebua. Her kan du mellom anna være med å bestemme medlemssturar for sesongen. Vær også bra å betal medlemsavgift, slik at vi kan fortsette å sende ut medlemsinfo.

 Florø 15/02/00 Sander  

 Full drift fra sommeren
M/S Atløy er i dag i full drift i sommarsesongen. Vi startar opp 1. mai, og held på til ut august. Viktigaste perioden er frå midten av mai til midten av juni, og det blir her vi hentar pengane vi treng til resten av året. Hausten blir brukt til dugnad ombord, dei siste (og neste) vintrane blir brukt i Norheimsund, og våren til klargjering for sesongen. Vi har normalt to « arbeidsdagar » i veka, men det er normalt folk ombord kvar dag..

Drifta dei siste åra har vært basert på at vi skal halde Atløy i Florø. Dette var eit av formåla til Atløys Venner, og vi har derfor i liten grad sett på f.eks. turistmarknaden i Sogn, eller blåturmarknaden i Bergen. Vi innser likevel at vi har eit « ansvar » også for dei andre delane av fylket, og prøver å komme oss ut så sant det er mogeleg. Florø vert likevel vår heimemarknad, det er her vi hentar våre pengar. Inntekta ligg på ca. 200.000 i året, noko som er eit absolutt minimum for å klare å halde båten i drift.

Frå denne sida vil du finne oppdatert informasjon om det som skjer under medlemmsinfo.

Ønsker du å bli medlem, anten aktivt eller som støtte, melder du deg inn på ”Bli medlem”.  

Årsmøte
Atløys venner har   på Kake-bua Tysdag 29.02.00 kl 18:00. 
Vanlige årsmøte saker  Nye medlemmer hjarteleg velkomne

 Medlemsinfo

2002

2001

2000 1999 1998
. .

Nov

Aug

Des
. . Okt

Febr

Okt
. .

Febr

Juli

Sept
. .

.

. Juni
. . . . Jan

Nyheits oversikt

2003

Februar
Januar

2002

November
  • "Atløy" skal vinterkledast
Januar
  • Stokkholm via Göta Kanal
  • Årsmøte
  • Framdansen
  • Kurs i driving av dekk
  • Fjordaferd til Nordfjord
  • Sikkerhetskurs på Nutek

2001

Desember
  • Atløyboka over forventninga
  • Søknad til Riksantikvaren
  • "Julegåve" til Atløy
  • Julebord fredag 14. desember
  • Vurderer tomtekjøp 
November
Oktober
  • Nytt lån
  • Livbåt skal fjernast
  • Rekka skal tilbakeførast
Februar
  • Atløy i Dampskibs Posten
Januar
  • Snart "ship-shape" på "Atløy"
  • "Atløy" med 50-talsstil

2000

Desember
  • Dugnad gir 10.000,-
  • Vellukka lutefiskmiddag.
November
  • A/L Atløy tar opp lån. 
  • Salongen tar form
  • Lutefisk-kveld 08.12.00
  • Video, restaureringa,DS Oster 
Oktober
  • Video frå Nordsteam 2000
  • Arbeidet i gang på HFS  
  • Atløydansen
  • Referat frå Årsmøte i AL Atløy
  • Utvida slipping på Halleraker
  • Steinar Bastesen til dansen
  • Kjempe sesong for Atløy
  • Planlegging av neste sesong.
September
  • Sesongavslutning på Skjærjehamn
  • Utvær fyr er 100 år.
  • Dokumentasjon av Atløy 
August
  • Olje messe i Stavanger
  • Nordsteam 2000 i Bergen
Juli
Juni
  • Atløy helsar Erling Jarl
  • Til Hardanger Trebåtfestival
  • Samarbeid med MS Granvin
  • Atløy med eigen pub.
  • Ny generator
  • Avlysing av tur til Selje
  • Artikkel om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
  • Originale dekkstolar attende
Mai
  • Gåve frå Fylkesbåtane 
  • 60.000,- frå Sparebanken FB
  • Gamalt kart frå Vestlandets Fjorder”  1952.    
  • Atøly endeleg sertifisert.
April 
  • Ny hjelpemotor
  • Rustbeskyttelse av 2. 
  • Ny Autopilot
Mars
  • Gave frå Sparebanken SF
  • Kulturby Bergen 2000
  • Avtale med Vestkysten
  • Suletur 14. til 16. juli
  • Kaiplass for Atløy
  • Utleie mot nye rekordar
  • Angrande syndar 
Februar 

 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.