Hausten
er her, og vi har hatt nokre turar i det siste, men særleg mykje pengar
i kassen vert det ikkje. Skulekontoret er kontakta, og vi håper at vi
kan få til eit samarbeid, der vi ikkje berre brukar Atløy som
framkomstmiddel, men også som formidlar av lokalhistorie og kystkultur,
f.eks. ved at tidlegare mannskap blir med og fortel om farten. Nest
siste helga i august var det Suletur, med godt og vell 20 passasjerer
med. Dei hadde ein kjempetur, og det var synd at ikkje fleire hadde høve
til å være med. Vidare utover hausten er det ikkje planlagt fleire
fellesturar, vi får nok med å få båten klar til den skal til
Hardanger Fartøyvernsenter.
Første
økt vert laurdag 12 september. Vi går då til henga i Ausa for å tømme
lasterommet og legge på land så mykje som mogeleg av det som finnast på
2.plass salong. Heile salongen skal rivast, og mykje ønskjer vi å ta
vare på, f.eks. dører, puter, madrassar o.s.v. Vi håper så mange som
mulig har høve til å stille. Vi har avgang kl 0900 frå Maritim
Hotell, og vil være ferdig til middagstid, alt etter kor mange som
stiller. Etter turen vert båten lagt på Kolkaia, slik at vi kjem i
gang med samlingane måndag kl 17.00. Alle er selvfølgelig velkommen
her, enten for ein kopp kaffi, eller for å ta del i arbeidet. Den første
tida bør vi vel også satse på samlingar torsdagane, - det er mykje
som skal gjerast.
Vi
har hatt eit styremøte i august, og forutan planlegging av riving vart
vi einige om at Leyland hjelpemotor må ut for fullstendig renovering.
Ludvik Sandvik vil være ansvarleg for dette. Rivinga av salongen vil
Kjartan Tverranger være ansvarleg for, og alle arbeid bør klarerast
med han, slik at vi slepp misforståingar. Om mogeleg vil vi også ta av
ankerspillet for renovering. Økonomien vil verte kritisk utover
vinteren. P.g.a. ein svært dårleg sommar er vi pr i dag i null, dvs at
vi ikkje har pengar til det
arbeidet som skal utførast i vinter. Riksantikvaren har løyva pengar
til legging av nytt fordekk, men dette vil kun dekke materialer og
legging av dekket ; resten må vi sørgje for sjølve. Eit
alternativ er å vente til vi har pengar før vi set i gang med
arbeidet, men vi vil då miste neste sesong. Vi er derfor einige om å
sette i gang, og samtidig sette i gang eit arbeid for å få tak i
sponsormidlar. Med den økonomiske situasjonen landet er i no er det
ikkje sikkert det vil bli enkelt, men det kan vel endre seg etter
budsjetthandsaminga ( ? ?).
Nytt
lager / verkstad vert det fortsett arbeidd med, og eitt alternativ det
no vert sett på er kommunen sine skur på Kringleskjæret ( ved miljøhuset)
evt i kombinasjon med brakker for verkstad. Arbeidet med Hellesenbua
fortset. Til slutt ber eg om at så mange som mogeleg prøver å finne
litt tid til dugnad ombord dei komande månadene, vi må rekne med å
sende båten til Hardanger før jul.
Florø
08.09.98
Sander
|