Program Flensburg
3. februar 2011Då er program og prisar til Flensburg Damprundum klart. Programmet finn du her; tur-til-flensburg
Meir informasjon og påmelding til veteranbuss- og veteranbåtentusiast Torfinn Svedal på telefon 907 59 830
Då er program og prisar til Flensburg Damprundum klart. Programmet finn du her; tur-til-flensburg
Meir informasjon og påmelding til veteranbuss- og veteranbåtentusiast Torfinn Svedal på telefon 907 59 830
M/S Granvin er foreslått freda av Riksantikvaren. M/S Stangfjord er blant 4 andre vorten medlem i Norsk Forening for Fartøyvern frå og med 2011. Den viktige nasjonale verneplanen for fartøyvern er lagt fram av Riskantikvaren. Strukturerte fartøy kan få fiske. Haugefisk til Island.
Foreslått freda!
Dette og meir til kan du lese om i siste «nummer» av Nytt om Fartøyvern, eit nyhendebrev på mail frå Norsk Forening for Fartøyvern. Heile brevet kan du lese her; nytt_om_fartac2b8yvern_1_20111. Den nasjonale verneplanen for fartøyvern kan ein laste ned frå denne lenka; http://www.riksantikvaren.no/?module=Articles;action=Article.publicShow;ID=123419
Vi har fått følgande invitasjon frå Torfinn Svedal i Rutehistorisk Forening Sogn og Fjordane;
Det vert jobba med å leggja opp for ein Veteranbusstur til arrangementet Flensburger Dampf Rundum 2011, som i år vert arrangert for 10. gong. I utgangspunktet er tanken å bruka Veteranbuss frå Sogn og Fjordane, men enno er dette noko usikkert om ein lukkast i. Det vert jobba med ein Veteranbuss frå Rogaland ogso. Vert det ikkje eigen veteranbuss frå Sogn og Fjordane, vil ein benytta Nor Way Buss Express frå fylket til Bergen.
Tanken er å reisa ut med Fjord Line frå Bergen til Hirtshals, og køyra i hovudsak på gamle/eldre hovudvegar frå Hirtshal til Flensburg, kanskje med ei overnatting undervegs mellom Hirtshals og Flensburg. Det vert lagt opp til stopp under vegs, for besøk på aktuelle Musèum og attraksjonar, og nødvendige “ærend”/mat –og kaffi-økter.
Den gamle Nattruta mellom Sandnes/Stavanger-Bergen, M/S “Sandnes” har bekrefta at dei skal til dette arrangementet i Flensburg. Dei ha bekrefta at det er mulig å få lugarar/overnatting ombord. For dei som kjenner denne båten, veit dei at dette er ein fantastisk flott båt, som vart bygd i 1950. Den deltok ogso under Fjordsteam 2010 i Florø. Rogalandfolket reiser anten med Fjord Line frå Stavanger, eller Color Line frå Kristiansand, men frå S. og Fj. tek me sikte på å reisa ut med Fjord Line frå Bergen. S. og Fj.-folket sluttar seg til i Stavanger, eller Hirtshals, alt etter kva alternativ som vert valgt. Vert det ikkje eigen Veteranbuss frå S. og Fj., so fygjer me på med Rogaland-folket sin Veteranbuss frå Hirtshals. Aktuelle Veteranbussar som vert brukt, er sjølvsagt registrerte med forskring, EU-godkjenning osv i orden og godkjent.
I augneblinken vert det venta på prisar og ev. bekrefta plassreservasjon. Plassreservasjon avgjer reiseplanen. Poenget med akkurat denne henvendelsen her, er å senda ut ei foreløpig innvitasjon, for å “lukta på” interessa for turen til denne damptog –og dampbåt-festivalen i Flensburg 08.-10. juli,2011. Dette er eit stort arrangement, som vert arrangert anna kvart år. Av Norske dampbåtar som er påmelde der nede er D/S “Børøysund” (1908) frå Oslo, som ogso har delteke på Festivalen tidlegare. Me håpar at dette kan vera av interesse for medlemane til veterabåtane M/S “Atløy” og D/S “Stavenes”. Det vert kome tilbake med nødvendig informasjon straks alt ligg på bordet.
Meir om stemnet kan du lese her; Dampf Rundum 2011
Har du interesse for denne turen tar du kontakt med Torfinn Svedal på telefon 907 59 830 eller to-sve(a)online.no (bytt ut (A) med @).
Onsdag klokka 1530 bar det på land, og arbeidet med å skjære ut platene som skal skiftast er no i gang. Ludvig følger opp arbeidet med å brenne naglar, og første platene går ut på måndag. Det er laga til eit halvtak utfrå skutesida slik at det ikkje skal bli for vått å arbeide utvendig. Det er surt og kaldt i Dåfjorden, og i dag fredag snør det på Stord! Ombord er det lunt likevel, sentalfyren syter for det.
Det er ikkje mykje å ta seg til i helgene i Dåfjorden, så Ludvig som er åleine ombord reknar med at han kjem til å halde fram med arbeidet gjennom helga. Måndags kveld er det styremøte i A/L Atløy på Kystmuseet. Leif (412 52 909) reiser nedover tysdag om det er nokon som føler seg kalla.
Vi reknar med å være ferdig med arbeidet i mars. Skipskontrollen er bestilt til 19. februar, og alt stål og alle ventilar/gjennomføringar undervanns vil då bli gått over og sikkert godkjent!
I løpet av denne veka (veke 2) reiser Ludvig og Leif til Dåfjorden, og det er venta at skrogarbeidet på MS Ekar vert sluttført for denne gang i løpet av veka slik at ho kjem seg av slippen. Går alt etter planen går vi då opp i neste veke.
Har du lyst til å delta i arbeidet er det både nyttig, kanskje lærerikt, bra for båten og ikkje minst sosialt. Ta kontakt med Leif på 412 52 909 om du kan tenke deg ein tur nedover. Vi stiller med køy, varme, mat og kameratskap! Som kjent betaler vi godt, mellom anna kan du drikke så mykje kaffi du vil…..gratis.
Grotle i Bremanger ein desembermorgon
Dei siste vekene har det ikkje skjedd all verda ombord. Båten ligg framleis på vatn i Dåfjorden i påvente av at Ekar skal bli ferdig på slipp. Vurderinga er at vi held henne på vatnet så lenge råd, for å minske risikoen for frostskader osb. Båten er innpakka.
«Leif og kompisane» har vore ein tur på Hardanger Fartøyvernsenter mellom anna for kurs i vedlikehaldsplanlegging og logging av dette. Mellom anna var det bidrag frå Danmark, Skipskonttrollen og Riksantikvaren. Riksanntikvaren v/Erik Småland har også vore ombord ppå «inspeksjon», og var svært godt nøgd med det han såg. Særleg la dei merke til opplagspresenninga vår, og fekk ei orientering om alt det sparte oss av arbeid.
2010 har vore eit fantastisk år for M/S Atløy. Det beste driftåret nokon gong, Kulturpris på 17. mai frå Flora Kommune, og ikkje minst suksessen med Fjordsteam. Vi ser derfor ingen grunn til ikkje å ta juleferie med godt samvit!!
God jul og godt nytt år!!
Vi følger med!
Leif rykte ut til Dåfjorden førre torsdag då kjelen hadde stoppa. Den tok han full service og fekk start på igjen, og varmen er no komen på att, – og ”dama” har det bra.
Båten er no klar til å starte arbeidet med å skifte platene, men slippen er enno ikkje klar. Om det let seg gjere å få den opp i løpet av dei næraste dagane vert det gjort. Om ikkje vil den bli liggande på sjøen til over jul. I kulden har båten det betre på sjøen.
Platene som skal skiftast ligg i plategang C og D på babord side, frå spant 18 og framover til spant 30. Plategangane A og B (nærast kjølen) er i svært god stand. Det som skal skiftast ligg på ei tjukne på mellom 6,2 og 6,5 millimeter men har tæringsgroper. Det er ikkje skriftlege pålegg på at det må skiftast.
Når arbeidet tek til kan ein rekne med om lag 2 mnd arbeid. Platene skal takast ut, det skal lagast malar, nye plater skal tilskjærast, dei skal valsast, prøvast, valsast, prøvast og sikkert valsast igjen, deretter borast, brosjast og til slutt klinka. Ei kneplate og litt av eit spant i lasterommet skal også skiftast.
Til slutt skal stål under pullertane (10 cm høg ”støtte” mot rennesteinen) framme på dekk skiftast.
Hjelpemotor, generator og verktøtavle er ute og forrige veke var det stilt. Ludvig og Leif reiser ned att i dag mandag for å starte opp att igjen. Då skal benken og startskapet ut, og alt gjerast klart til platearbeidet.
Slik det ser ut no vil vi kunne ta opp i slutten av november.
Arbeidet på Stangfjord er no starta opp igjen, og Hardanger Fartøyvernsenter satsar på å halde 4-5 mann i arbeid fram til pengane tar slutt igjen. I oktober er det lagt inn nye livholt, dvs kraftige plamkar innvendig i skroget. Ein del dårlege hudplankar er også skifta, og det er funne råte på ein del av anleggsflata mellom hud og spant på spantebitar som allereie er skifta. Dette vert også skifta.
Dei neste tre månadane vert ny hud på heile skroget lagt. Dette må gjerast før kjølen kan skiftast. Skroget må nemlig være så stivt som råd slik at båten kan henge på støtter slik at den nye kjølen kan treast på plass.