Leig MS Atløy

 

Foto; Lars Grepstad

Floraskjergarden er fantastisk, med hundrevis av øyer og skjær. Vi kan lage ein tur som passar akkurat deg, anten du skal gifte deg, ha «kick off» for eit nytt  produkt, blåtur for tilsette, på ferietur med venner og familie, fisking med kundar, arrangere slektsstemne eller rett og slett ønskjer ein minnerik dag på sjøen. Det finnast etterkvart mange serveringsstader ”i øyane” og du finn alt frå det eksklusive til det meir folkelige.

Det er enkelt å leige M/S Atløy.  Har du spørsmål, kontakt Sander på telefon 900 51 867 eller send ein mail frå «kontakt oss» i toppmenyen. Han kan hjelpe med alle slags spørsmål du måtte ha. Om du vil ha mat kan du eller vi t.d. kjøpe reker, eller du kan ta direkte kontakt med Bistro 2 Kokker, telefon 5775 2233 og snakke med Terje. Vi har skjenkeløyve, og ein kan derfor ikkje nytte medbrakt alkohol. Prisane er låge.

Vi tar 60 passasjerar, så prisen vert ikkje avskrekkande.