Askrova og Tansøy

 

Kryssar ein Brufjorden frå Florø kjem ein til Askrova og Tansøy. Askrova er heller flat og nokså langstrakt, og den 7,5 kvadratkilometer store øya har sitt høgaste punkt på 233 m.o.h.  Hundre meter over sundet ligg Tansøy, med vippebru imellom. Til saman er det omlag 70 fastbuande på dei to øyene, der jordbruk er den viktigaste levevegen.

 

Brua mellom Askrova og TansøyBrua mellom Askrova og Tansøy

 

På Askrova kan ein utforske «Trollhola», ei hole frå urtida. Hola er på storleik med ein katedral, og inneheld fleire holegangar, eit vakkert og svœrt spanande naturfenomen. Frå Tanøya har ein ei storslått panoramautsikt mot hav og omkringliggande øyar etter berre 10 minutt gangtid.

Normalt legg vi til på Sunde ved butikken. Her finn også «Krisen Pub» mellom anna kjend frå TV og riksaviser. På Krisen er det plass til max 40, så for eit mindre lag vert stemninga høg. Frå altanen er det god utsikt vestover, og særleg ved solnedgang er det vakkert. Vil du opne kroa ringer du 5774 5112 eller 971 41 779 og snakk med Magne. Han hjelper deg med alt!

Andre plassar med kai er «i moloa» litt lenger vest eller i Vallvika. Vest og sørvest om Askrova finn ein mange gode fiskeplassar. Med ein halvtime ekstra kan ein ta turen den veien.

Rekn med ein times gangtid kvar veg.  Les meir på www.askrova.no