Hornelen, Vingen og Rugsund

Gangtid til Rugsund      2,5 timer
Gangtid til Vingen         2,0 timer
Gangtid Hornelen          2,0 timar

Ein fin, litt lengre tur er å starte i Florø, gå Frøysjøen til Vingen, og ende opp i Rugsund etter å ha passert den mektige Hornelen. Ein slik tur vil ta 5 – 8 timar, alt etter lengda på stoppa.

Rugsund Handelsstad

Rugsund

Dette er ein freda handelsstad frå 1600-talet som vart freda allereie i 1924. Historiske og restaurerte bygningar ligg tett ved sjøkanten. Lokal kjøpmann, gjestebrygger og servicebygg med alle fasilitetar. Grillplass, leikeareal og merka turstiar. Bilfritt og barnevennleg. Ein sommardans her vil du aldri gløyme.

Kvifor ikkje få Bistro to Kokker til å arrangere grilling, så avslutte med trekkspilldans på kaia eller i den gamle flotte bua ?? 
 

Vingen, foto RiksantikvarenVingen, foto Riksantikvaren

Vingen 

Inst i den tronge Vingenpollen, med bratte fjell ikring, ligg Vingen, eit av dei største og mest sœrmerka helleristningsfelt i Nord-Europa. Her finn ein mellom 1000 og 1500 figurar, truleg laga av veidefolk i yngre steinalder (omlag 4000 – 6000 år gamle). Hjorten er det vanlegaste motivet, men ein finn òg menneskefigurar og abstrakte symbol. Informasjon  Vingen er delvis stengt pga bevaring av desse kulturskattane.

Ein tur innom området med båt med guiding av området frå båten gir et interessant bilde av måten folk levde på for 4000 år sidan. Etter særskilt avtale kan ein og gå i land.

HornelenHornelen

 
Den saggnomsuste fjellklippa Hrnelen ligg tvers over fjorden frå Vingenfeltet. I eldre tid vart fjellet omtala som Smalsarhorn og er Nord Europa si høgste sjøklippe. Med sine 850 m over havflata ruvar det godt i landskapet, og har til alle tider vore eit kjent sjømerke i skipsleia. Opplevinga er ikkje mindre når en køyrer båten tett oppunder klippa.

Det er mange segn som knyter seg til denne sjøklippa. Den er bl.a nemnd i Snorre Sturlason Saga, der det vert fortalt at Olav Tryggvason klatra opp klippen frå sjøsida på sin tur rundt i landet for å kristne Norge. Hornelen egnar seg godt til fjellturar, ta berre med kikkert, for utsikta er ubeskriveleg!

Er du heldig kan du skimte heksene som kjem flygande på kosteskafta sine for å treffast på Hornelen. For her har det faktisk vore ein ekte heksefesival!