Batalden og Fanøy

 

Utsikt frå Store BataldenUtsikt frå Store Batalden med Kinn i sørvest

 

Batalden er namnet på ei rekkje mindre øyer i Flora skjergarden. Lunt og vakkert, med rolig sjø. Her går ein inn og ut mellom holmar og skjer forbi spredte gardar og små ”sentrum”. Gangtid frå Florø er omlag ein time, gjennom svært spennande natur. På turen ut passerer vi Stabben fyr, og returen kan takast «på vestsida, der du mellom anna får sjå Ytterøyane Fyr, Kinn og Kinnakayrkja, storhavet og Rognaldsvåg. Denne returen skal du rekne to timar på.

 

Galleri HavbuGalleri Havbu

 

Kvifor ikkje ta ein tur til Gunhild sitt galleri (5774 5422), og avslutte med ein tur på Store Batalden??

På vestsida av Store Batalden har ein i seinare tid funne helleristningar som har vorte datert til bronsealderen, det vil seie omlag 1500 år f. kr. Fruktbarhetssymbol, gudane sitt fotefar og hjortefar er berre nokre av teoriane rundt kva bileta tyder. Helleristningane i Store Batalden kan knyttast saman med ristningane i Domba, og det store antal gravrøyser på Årebrot og i Botnane. Alt dette er frå bronsealderen og tyder på stor aktivitet i området på denne tida.

Les meir på http://www.fanoy.no/ eller http://www.bataldenhavbu.no