Stavang og Ausevik

Gangtid til Stavang          ca 1 time
Gangtid til Ausevika         ca 1 time og 15 min

Stavang ein sommardagStavang ein sommardag

 
Stavang er eit lite bygdesamfunn ute ved Stongasundet,  eit område med mange fine naturperler. På 1700 talet vart det etablert ein gjestegjevarstad på ein av gardane i Stavang. Dei som nytta seg av dette tilbodet var i fyrste rekke fiskarane, men og folk som skulle til og frå kyrkja – som på den tida låg på Svanøy – overnatte her. Gjestegjevarstaden var i drift heilt fram til kring 1890. I dag kan ein tilby både hytte og rorbuferie i Stavang, ei bygd så idyllisk at ein berre trudde ho eksisterte i fantasien.

Er du aktiv kan du leige vannscootar, eller kvifor ikkje ein småbåt til fiske. I Stavang finn du post og butikk, og eit koseleg hamnemiljø. Kontaktar du Anders Haave, kan det meste ordnast dersom du ynskjer å gjere ein stogg for f.eks grilling her.

Flisebaronen Anders Haave står alltid til tenesteFlisebaronen Anders Haave står alltid til teneste

 
 
HELLERISTNINGANE I AUSEVIKA

I Ausevika ligg eit av dei største helleristningsfelta i  Noreg. Ausevika ligg under Skålefjellet, som reiser seg mot sør i nærmare 800 m høgde. Dette fjellet dannar avslutninga på eit fjellområde som strekkjer seg heilt inn til Jotunheimen, og er difor eit naturleg streifområde for storvilt på trekk mellom kyst og innland. Her finn ein over 3000 år gamle figurar.

Feltet viser over 300 ristningar, både dyre og menneskefigurar. I tillegg kan ein sjå fruktbarheits- og jordbruksmotiv, såkalla Veidemannskunst. Geometriske teikn, spiralar og labyrintar finn ein over heile feltet. Store delar av feltet er intakt, og det pågår i desse dagar tilretteleggingsarbeid i forhold til besøkande.

                                

Ausevika, foto RiksantikvarenAusevika, foto Riksantikvaren

Det finnast ikkje gode kaier rett feltet, slik at ein må rekne ein liten spasertur før ein kjem til feltet.