Nyhende Mars 2000

Gåve frå

Atløys Venner fekk måndag overrekt ein sjekk på 25.000 frå Sparebanken Sogn & Fjordane. Dette er den største enkeltgåva banken har gitt under ein skild. fylkespost. Også  Vågsberget har fått ei like stor gåve, noko som syner at Sparebanken Sogn og Fjordane også satsar på kysten. Pengane skal brukast til ein eventuell landbase for Atløy, og er sett på sparekonto inntil vi finn eit prosjekt som vi kan gå for.

  kkkkkkkkk

Sparebanken Sogn og Fjordane var også blant dei som stilte opp då Atløy vart kjøpt tilbake til fylket, og er såleis ein av adelshavarane i båten. Det er ikkje berre flott at vi får ei slik gåve økonomisk, det er også ein stor inspirasjon og annenkjenning av det arbeidet vi utføre.  

Florø 24/03/00   Sander  

Atløy har avtale med Kulturby Bergen 2000 
Atløys Venner har no fått til avtale med Kulturby Bergen 2000 som sikrar ein stønad på 150.000. Noko av dette vil være som betaling for turar vi skal gå for dei. Bl.a. skal vi være ei helg i Haugesund og Sunn Hordaland saman med både Fylkesordførar i Sogn og Fjordane og Hordaland. Dette vil gi mykje pressedekning for båten, og ein fin tur for oss. Vidare vil vi gå inn som ein offisiell del av programmet til Nordteam 2000 i august. Dei andre arrangementa der Kulturby Bergen er med er;

30 juni – 02 juli  Seljemanna Stemnet, Selje.   Program her er ikkje klart
3 – 6 aug  Nordsteam 2000, Bergen  program her er ikkje klart.
11 – 13 aug   Kobbeskjærskveld, Jakob Sandefestival, Fjaler    Program her ikkje klart  

Se Kulturby Bergen sin heimeside:

Florø 24/03/00   Sander  

Samarbeidsavtale med Vestkysten Reiseliv   
Atløys Venner har no kome til einegeit med Vestkysten Reiseliv om ein ny samarbeidsavtale om sal og marknadsføring av Atløy. Denne avtalen regulerer forholdet oss i mellom, prisar, fakturering og plikter for dei to partane. Avtalen trådde i kraft 01/03/00, og gjeld ut året. Vestkysten Reiseliv har opsjon på forlenging av avtalen.

Vi i Atløys Venner er svært glade for denne avtalen, då vi trur Vestkysten vil være det rette organet for marknadsføring av båten. Vestkysten organiserer reiselivet i kommunane Naustdal, Flora og Bremanger og har kontor i Florø. Dei vil m.a. marknadsføre Atløy på messer og ovanfor næringslivet. Vestkysten er og forplikta til å opparbeide ein base over kundar.

 I praksis medfører avtalen at Atløys Venner ikkje aktivt vil gå ut å segle båten. Vi vil framleis kunne organisere turar på førespurnad, men Vestkysten skal ta seg av den aktive marknadsføringa. Prisane vil være dei same uansett om ein leiger direkte eller frå Vestkysten. Atløys Venner kan avvike avtalt i spesielle høve der dette har med kystkultur og kulturformidling å gjere.

 Florø 13/03/00  Sander

Atløy går på Suletur 14-16 juli   
Denne helga inviterer vi til « Suletur », ein svært opplevelsesrik tur i Ytre Sunnfjord og Ytre Sogn. Avgang frå Florø fredag klokka 1600 til Bulandet med innlagt stopp i Værlandet.
Dersom været er bra, vil nokre spasere over øya, og folk frå Værlandet kan då vere med båten. Vi kjem Ca kl. 20:00 

 Nordens Venezia, Bulandet og inviterer lokale krefter ombord til fest og moro. Laurdags morgon går vi frå Bulandet til Hersvik og vidare til Buskøy, Færø, Lågøy, Hardbakke, Ytrøygrend, Gjønnevåg, Utvær (Noregs vestlegaste besetning ; berre dersom været tillet det), Indrevær, Kolgrov, Nåra og til slutt Hardbakke igjen. Her kan ein overnatte på Hardbakke Pensjonat for ein rimelig penge. Rekekveld på kaia med trekkspill og dans. Søndag etter frukost til Florø igjen, med innlagt stopp på den gamle

Lågøy Landhandel. På turen nordover går vi vest av Atløy, forbi Alden (Den norske hesten) og Vilnes, forbi Staveneset til Florø. Turen kostar 500,- pr pers. I tillegg kjem mat og overnatting. Muligheit til å overnatte ombord (enkel standard) til 100,-/natt. Max 30 passasjerar.

All booking til desse turane vil bli gjennom Vestkysten Reisleiv i Florø, telefon 5774 7505.

 Florø 13/03/00   Sander  

Kaiplass for M/S Atløy
Som dei fleste har fått med seg har det versert ein diskusjon mellom Hamnesjef og Atløys Venner den siste tida. Hamnesjefen kan av forståelige grunnar ikkje gi oss gratis kaiplass, og vi måtte derfor ta saka opp med Hamnestyret. I mellomtida dukka Bjørn Hollevik opp, og tilbydde oss kaifronten til den gamle Sunndalsbua.  

Vi var usikar på om det var nok vatn der, og  Idar Nordstrand og Ludvik Grytten har derfor lodda djupnene i helga. Dette ser  ut til  klaffe bra, og vi tar derfor sikte på å bruke denne kaia i sommar. Leif Stafsnes som eig nabokaia er også innforstått med dette, og har velvillig stilt opp. Vi vil nemlig komme til å skjerme nokre meter av hans kai.  

Hamnestyret er gjort merksam på at vi vil hamne i same uføret neste år, og vi ber derfor om at dei allereie no diskuterer ei varig løysing for Atløy.

Florø 13/03/00    Sander  

Utleige – mot nye rekordar 
Det er pr dato kome inn bestillingar for ca 340.000,- kroner. Dette er ny rekord, og dersom alle turar går som planlagt, kan vi allereie no slå fast at den kommande sesongen blir den beste i Atløys Venner si historie. 

I tillegg til denne gledelige utviklinga, ligg vi òg på forskrudd økonomisk. Vanlegvis ligg vi på etterskudd når vi er kome så langt på våren, - i år har vi fortsatt penge. Grunne til dette er først og fremst Framdansen, Lotteriet og at Sildelaget har betalt inn det som stod ute frå 95, med god rente.  
Se utleie matrise  

Florø 06/03/00 

Angrande syndar sende luke i posten

FLORØ: Etter at den gamle postluka på M/S "Atløy" hadde vore på vidvanke i 15 år, kom den tilbake via posten før nyttår. Med det er den komen heim att til det nyrestaurerte postkontoret i veteranbåten.

Se Firdaposten  

 

 

 

Nyheits oversikt

2003

Februar
Januar

2002

November
  • "Atløy" skal vinterkledast
Januar
  • Stokkholm via Göta Kanal
  • Årsmøte
  • Framdansen
  • Kurs i driving av dekk
  • Fjordaferd til Nordfjord
  • Sikkerhetskurs på Nutek

2001

Desember
  • Atløyboka over forventninga
  • Søknad til Riksantikvaren
  • "Julegåve" til Atløy
  • Julebord fredag 14. desember
  • Vurderer tomtekjøp 
November
Oktober
  • Nytt lån
  • Livbåt skal fjernast
  • Rekka skal tilbakeførast
Februar
  • Atløy i Dampskibs Posten
Januar
  • Snart "ship-shape" på "Atløy"
  • "Atløy" med 50-talsstil

2000

Desember
  • Dugnad gir 10.000,-
  • Vellukka lutefiskmiddag.
November
  • A/L Atløy tar opp lån. 
  • Salongen tar form
  • Lutefisk-kveld 08.12.00
  • Video, restaureringa,DS Oster 
Oktober
  • Video frå Nordsteam 2000
  • Arbeidet i gang på HFS  
  • Atløydansen
  • Referat frå Årsmøte i AL Atløy
  • Utvida slipping på Halleraker
  • Steinar Bastesen til dansen
  • Kjempe sesong for Atløy
  • Planlegging av neste sesong.
September
  • Sesongavslutning på Skjærjehamn
  • Utvær fyr er 100 år.
  • Dokumentasjon av Atløy 
August
  • Olje messe i Stavanger
  • Nordsteam 2000 i Bergen
Juli
Juni
  • Atløy helsar Erling Jarl
  • Til Hardanger Trebåtfestival
  • Samarbeid med MS Granvin
  • Atløy med eigen pub.
  • Ny generator
  • Avlysing av tur til Selje
  • Artikkel om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
  • Originale dekkstolar attende
Mai
  • Gåve frå Fylkesbåtane 
  • 60.000,- frå Sparebanken FB
  • Gamalt kart frå Vestlandets Fjorder”  1952.    
  • Atøly endeleg sertifisert.
April 
  • Ny hjelpemotor
  • Rustbeskyttelse av 2. 
  • Ny Autopilot
Mars
  • Gave frå Sparebanken SF
  • Kulturby Bergen 2000
  • Avtale med Vestkysten
  • Suletur 14. til 16. juli
  • Kaiplass for Atløy
  • Utleie mot nye rekordar
  • Angrande syndar 
Februar 

 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.