Nyhende September 2000

Sesongavslutning på Skjærjehamn
Vi har hatt ein lang og god sesong, og for å gjere litt stas på oss sjølve takka vi ja til invitasjonen frå Granvin om å delta på sesongavslutning på Skjærjehamn. Skjærjehamn var for nokre tiår sidan faktisk FSF sin travlaste ekspedisjon etter Bergen, og båtar nordfrå og sørfrå møttest her for utveksling av gods og passasjerar. Dette er derfor ein naturlig plass å møtest.

 Sjølve Skjærjehamn er ein fantastisk godt bevart stad, og det følast som om tida har stått stille sidan 50 åra. Staden er i dag egd av 2 enker frå Bergen (?) og det ser ut til at dei klarar vedlikehaldet framifrå. Forutan det gamle hotellet finnest her postkontor (sjølvsagt nedlagt), butikk, slipp og ei stor bu. Tidleg på 1900 talet fanst her og ein motorfabrikk.

 Etter planen møtte vi Granvin fredagskvelden og gjekk saman til kai og la oss side ved side. Totalt hadde Atløy ca 25 påmelde, men vi vart tilslutt 12. Granvin var fleir og det vart ein lystig gjeng. Laurdag gjekk vi saman til Eivindvik i strålande vær. Etter nokre timar her returnerte vi for krabbekoking og forberedning til det store krabbebordet. Granvin heldt krabber, og vi fekk ferske reker levert med Sjøgutt heilt frå Måløy !!! På ettermiddagen kom M/K Arnefjord frå Vik. Dette er ein gamal lensmans/skyss/reisande båt som er i privat eige. Festen var bra, så søndagen vart deretter.

Vi håpar at dette vert ein tradisjon, og at vi ser D/S Oster i Skjærjehamn innan eit par år. Deretter kjem vel D/S Stord, og vonleg også D/S Stavenes med tida.

Florø 25/09/00  

 

Med Posten til Utvær

Utvær Fyr er i år 100 år, og dette vart markert på Utvær i går med over 300 frammøtte. Posten har eigne frimerke frå Utvær og nytta høvet til å delta i markeringa.

Atløy gjekk saman med Redningsskøyta i tet i konvoien frå Kolgrov til Utvær der markering og enkel servering føregjekk seg. Været var ikkje av det beste, og ein del av passasjerane merka godt at Atløy kan være noko rank. Alt i alt var det allikevel ein svært fin tur, sjølv om det vart seine kvelden på mannskapet.

Florø 16/09/00 r

 

Dokumentasjonsarbeidet i gang
Som før nemnt er det løyvd 50.000 til dokumentasjon av historia til Atløy frå Riksantikvaren. Riksantikvaren har sett det som eit krav at dette arbeidet er sluttført før vi kan begynne på oppattbygginga av 2de plass salong i forskipet.

Den nye fartøyvernkonsulenten ved Kystmuseet, Trond Strømgren vil være ansvarlig for dette arbeidet. Han startar no, og vil mellom anna intervjue mange av dei som framleis hugsar korleis Atløy såg ut fram gjennom dei forskjellige epokane. Han vil også besøke dei som eigde båten etter at den vart seld frå FSF. Fortsatt finns mykje materiale, og Trond vil gå gjennom både teikningar og rekningar frå dei forskjellige verft som har hatt Atløy innom framgjennom. Arbeidet vil være sluttført innan november, og rapporten vil verte tilgjengelig på heimesidene våre så snart dei er godkjende av Riksantikvaren.

Florø 04/09/00

 

Nyheits oversikt

2003

Februar
Januar

2002

November
  • "Atløy" skal vinterkledast
Januar
  • Stokkholm via Göta Kanal
  • Årsmøte
  • Framdansen
  • Kurs i driving av dekk
  • Fjordaferd til Nordfjord
  • Sikkerhetskurs på Nutek

2001

Desember
  • Atløyboka over forventninga
  • Søknad til Riksantikvaren
  • "Julegåve" til Atløy
  • Julebord fredag 14. desember
  • Vurderer tomtekjøp 
November
Oktober
  • Nytt lån
  • Livbåt skal fjernast
  • Rekka skal tilbakeførast
Februar
  • Atløy i Dampskibs Posten
Januar
  • Snart "ship-shape" på "Atløy"
  • "Atløy" med 50-talsstil

2000

Desember
  • Dugnad gir 10.000,-
  • Vellukka lutefiskmiddag.
November
  • A/L Atløy tar opp lån. 
  • Salongen tar form
  • Lutefisk-kveld 08.12.00
  • Video, restaureringa,DS Oster 
Oktober
  • Video frå Nordsteam 2000
  • Arbeidet i gang på HFS  
  • Atløydansen
  • Referat frå Årsmøte i AL Atløy
  • Utvida slipping på Halleraker
  • Steinar Bastesen til dansen
  • Kjempe sesong for Atløy
  • Planlegging av neste sesong.
September
  • Sesongavslutning på Skjærjehamn
  • Utvær fyr er 100 år.
  • Dokumentasjon av Atløy 
August
  • Olje messe i Stavanger
  • Nordsteam 2000 i Bergen
Juli
Juni
  • Atløy helsar Erling Jarl
  • Til Hardanger Trebåtfestival
  • Samarbeid med MS Granvin
  • Atløy med eigen pub.
  • Ny generator
  • Avlysing av tur til Selje
  • Artikkel om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
  • Originale dekkstolar attende
Mai
  • Gåve frå Fylkesbåtane 
  • 60.000,- frå Sparebanken FB
  • Gamalt kart frå Vestlandets Fjorder”  1952.    
  • Atøly endeleg sertifisert.
April 
  • Ny hjelpemotor
  • Rustbeskyttelse av 2. 
  • Ny Autopilot
Mars
  • Gave frå Sparebanken SF
  • Kulturby Bergen 2000
  • Avtale med Vestkysten
  • Suletur 14. til 16. juli
  • Kaiplass for Atløy
  • Utleie mot nye rekordar
  • Angrande syndar 
Februar 

 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.