Nyhende Juni 2000

"Harald Jarl" i rute på jubileumstur"

BERGEN: Verdas eldste hurtigruteskip, "Harald Jarl", er på jubileumstur. I går var det 40 år sidan skipet gjekk sin første tur ut frå Bergen, noko som blir markert med brask og bram langs heile leia. Men ruta skal haldast uansett feiring, seier kaptein på jubilanten, Jon Olaf Klodiussen.

Link for fullstendig artikkel:  Se her
Med hilsen fra Sander

 

Atløy helsar ”Harald Jarl”
I samband hurtigruta ”Harald Jarl” sin 40 års jubileumstur tok Atløy avskil på Vågen i Bergen saman med Granvin, Statraad Lemkuhl og ein heil armada småbåtar torsdag i denne veka. Turen skal vare i 11 dagar, slik at heile kysten nordover får bli med på feiringa.

Skipet er spesielt fordi det har avlagt ein imponerande distanse langs norskekysten fram og tilbake mellom Bergen og Kirkenes. Kapteinen har rekna ut at "Harald Jarl" har gått 2.728.000 nautiske mil på desse åra. Det vil seie 126,5 ganger kring jordkloten ved ekvator. Men ikkje nok med det. "Harald Jarl" går også med den opprinnelege maskinen. Det er ein B&W på vel 4000 hestekrefter som blei bygd på lisens hos Aker i Oslo i 1959. Maskinen går enno som ei klokke. Den har til no gått 258.000 timar, og maskinistane om bord meiner den kan gå i 40 år til dersom den blir pleia som i dag.

 Florø 23/06/00   Sander    

 

Atløy til Hardanger Trebåtfestival 
I samband med byte av båt med MS Granvin, vil Atløy komande helg delta på trebåtstemnet i Norheimsund. Med på turen vert medlemmer av Veteranskiplaget Fjordabåten, som eig og driv MS Granvin.  

Besøk festivalen på www.trebat.no

Florø 20/06/00 Sander   

Samarbeid med MS Granvin 
Denne sommaren har kontakten med MS Granvin blitt større og større, og vi har mellom anna gått på fellestur til Haugesund og Sunhordaland i regi av Kulturby Bergen 2000. Så langt har samarbeidet kome at vi neste helg vil komme til å bytte båt. Granvin blir Atløy og Atløy blir Granvin. Grunnen til dette er at vi har behov for ein større salong under eit bryllup vi skal skysse i Bergen. Granvin stiller velvillig opp, og tilbyr oss å nytte deira båt.

Vi er imponert !!  

Florø 20/06/00  Sander  

 

Atløy med eigen Pub  Atløybaren
Atløy har stadig behov for pengar, og for å få inn meir til landbase fekk vi ide om å starte opp uteservering under sildebordet. Atle Hollevik var positiv til at vi nytta tomta hans, og kommunen gav skjenkeløyve.

Mange gode krefter har trådd til for at vi skulle kunne realisere ”flåten” utan store kostnader. YFK og Vestnes Produkt stilte med lastebil, Vegvesenet med mobile toalett, Norwegian Marine med kjølecontainer, Sigurd Solberg med elektrisk materiell og Fjordbase med material til gjerde. Ei god veke gjekk med til dugnadsarbeid.

Dessverre vart dette ingen suksess. Været var ikkje på vår side, med svært kald nordavind under sildebordet. Laurdag var vi også open, men det spørs om ikkje området såg for ruskete ut. I tillegg låg vi bak hovudscena, noko som ikkje var planlagt. Vi har lært mykje, og håpar at vi får det betre til til neste år, dersom vi bestemmer oss for å prøve igjen.

Resultatet vart skarve 6.000,- som no står på sparekonto til landbase.

Florø 19/06/00   

 

Ny generator  
For ein månad sidan vart hjelpemotor til straum skifta. I helga fekk vi problem med straumen, og undersøkingar viste at diodane i generatoren var brende. Det ville gått å skifte diodane, men vi ville ikkje være sikker på ei vellukka reparasjon.

I samråd med NBN Elektro vart vi derfor einige om å skifte til ny. Denne vil koste oss ca. 14.500,- etter at vi har fått til ein fordelaktig avtale med NBN. På grunn av mykje kjøring var dette naudvending, vi kan ikkje få driftstans no midt i toppsesongen. Allereie onsdag denne veka vil den nye generatoren være på plass dersom alt går etter planen.

Vi takkar NBN og Odd Batalden for dette.  

Florø 19/06/00    

 

Avlysing 
På grunn av manglande økonomiske garantiar frå arrangør har vi bestemt oss for å avlyse fellesturen til Seljemannastemnet første helga i juli. Vi ønskte ein garanti på kostnadane våre, men Seljemannastemnet såg seg dessverre ikkje i stand til det.

Florø 16/06/00   

 

Artikkel i Praktisk Båtliv 
Løp og kjøp !!

Juni-utgåva av Praktisk båtliv inneheld ein 3 siders artikkel om Atløy og arbeidet med båten. Artikkelen er skreve av Arve Solbakken 

Florø 16/06/00 

 

Originale dekkstolar attende  
For ei tid sidan fekk vi telefon frå Bergen. Vedkommande som ringde måtte medgje at han på 50 talet hadde forsynt seg med diverse dekkstolar frå Fylkesbaatane sine båtar. Han meinte at det no var på tide å gjere opp for seg, og ynskte difor å sende stolane i retur. Då M/S Atløy er den eldste av FSF sine gamle båtar som fortsatt er i drift, meinte han det var naturlig at vi fekk stolane. Ein del av stolane var dessutan merkte Atløy, og har heilt sikkert høyrt til om bord.

Vi har no mottatt stolane som er i varierande forfatning. Då vi er midt i sesongen, kan vi dessverre ikkje starte med oppussing enno, -det lyt vente til hausten. Inntil dess har Miljøhuset sagt seg villig til å lagre dei. Neste sesong vil stolane være klar for bruk.

Florø 04/06/00 

Nyheits oversikt

2003

Februar
Januar

2002

November
  • "Atløy" skal vinterkledast
Januar
  • Stokkholm via Göta Kanal
  • Årsmøte
  • Framdansen
  • Kurs i driving av dekk
  • Fjordaferd til Nordfjord
  • Sikkerhetskurs på Nutek

2001

Desember
  • Atløyboka over forventninga
  • Søknad til Riksantikvaren
  • "Julegåve" til Atløy
  • Julebord fredag 14. desember
  • Vurderer tomtekjøp 
November
Oktober
  • Nytt lån
  • Livbåt skal fjernast
  • Rekka skal tilbakeførast
Februar
  • Atløy i Dampskibs Posten
Januar
  • Snart "ship-shape" på "Atløy"
  • "Atløy" med 50-talsstil

2000

Desember
  • Dugnad gir 10.000,-
  • Vellukka lutefiskmiddag.
November
  • A/L Atløy tar opp lån. 
  • Salongen tar form
  • Lutefisk-kveld 08.12.00
  • Video, restaureringa,DS Oster 
Oktober
  • Video frå Nordsteam 2000
  • Arbeidet i gang på HFS  
  • Atløydansen
  • Referat frå Årsmøte i AL Atløy
  • Utvida slipping på Halleraker
  • Steinar Bastesen til dansen
  • Kjempe sesong for Atløy
  • Planlegging av neste sesong.
September
  • Sesongavslutning på Skjærjehamn
  • Utvær fyr er 100 år.
  • Dokumentasjon av Atløy 
August
  • Olje messe i Stavanger
  • Nordsteam 2000 i Bergen
Juli
Juni
  • Atløy helsar Erling Jarl
  • Til Hardanger Trebåtfestival
  • Samarbeid med MS Granvin
  • Atløy med eigen pub.
  • Ny generator
  • Avlysing av tur til Selje
  • Artikkel om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
  • Originale dekkstolar attende
Mai
  • Gåve frå Fylkesbåtane 
  • 60.000,- frå Sparebanken FB
  • Gamalt kart frå Vestlandets Fjorder”  1952.    
  • Atøly endeleg sertifisert.
April 
  • Ny hjelpemotor
  • Rustbeskyttelse av 2. 
  • Ny Autopilot
Mars
  • Gave frå Sparebanken SF
  • Kulturby Bergen 2000
  • Avtale med Vestkysten
  • Suletur 14. til 16. juli
  • Kaiplass for Atløy
  • Utleie mot nye rekordar
  • Angrande syndar 
Februar 

 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.