Fjordabåtentusiastar frå Florø på seminar

 For oss som aldri vert leie av å prata båt og motor og studere gamle båtar, var dette svært innhaldsrike dagar, seier, seier Florø-trioen som sist helg var på fjordabåtseminar ved Hardangar Fartøyvernsenter. Det var fagfolket på den unike verkstaden som skifta dekket på ”Atløy”.
Firdaposten   25.02.03 Av Steinar Hystad,  Stord

BÅTVENER: Mykje interessant på fjordabåtseminaret i Norheimsund, seier utsendingar frå ”Atløys Venner”, Harald Årebot, Ragnar Kristiansen og Leif Kvalvik. (Foto: Steinar Hystad)

Leif Kvalvik, Harald Årebrot og Ragnar Kristiansen står på kaien på fartøyvernsenteret i Norheimsund og ser på den godt innpakka gamledampen ”Granvin”. I vinter er det Veteranskipslaget Fjordabåten sitt flaggskip som får nytt tredekk. Den praktiske delen av det aller første seminaret for veteranbåtentusiastane i Hordaland og Sogn var nett å læra seg kunsten å driva eit dekk. Å tetta mellom planken med tjøra hamp er eitt av mange handverk fartøyvernsenteret held i hevd.
– Dei gjer skikkeleg godt arbeid på verven her, nyedekket på ”Altøy” vart flott, seier Leif Kvalvik.
Sjølv er han fødd og oppvaksen i Ålvik, industristaden nokre mil lenger inne i Hardangerfjorden. Kona kjem frå Hovland i Sørfjorden. Der var svigerfaren ekspeditør, og det hende rett som det var at svigersonen måtte ekspedere ”Granvin” som i heile sin karriere for HSD trafikkerte mellom fruktgrendene i Hardanger.
– Han har mykje til felles med ”Atløy”, begge er bygde for 71 år sidan i Bergen, den eine hjå Mjellem og Karlsen, den andre ved Bergens mek. Takka vera typar som oss med sterk nestekjærleik til veteranane er både ”Atløy” og Granvin” i dag gamlingar i topptrim med fullt sommarprogram. Takk også til Riksantikvaren for økonomisk støtte til dei mest omfattande reparasjonane, seier Florø-trioen.
Riksantikvaren hadde utsending til seminaret, det same hadde Hordaland fylkeskommune som gjennom kulturavdelinga har engasjert seg sterkt i vern av flytande kulturminne. ”Skånevik”, ei av dei første standard riksvegferjene, er no på full fart inn i flåten av verna skuter med lang fartstid i vestnorske fjordarmar. Truleg får ho base i Salhus, i det einaste freda ferjestøet i landet.
Dei godt 40 fjordabåt-delegatane hadde også ein heil del teori på seminarprogrammet. Spørsmål kring drift og det å etterkoma nye tryggleikskrav vart drøfta. Det vart gjeve tips om korleis historia båtane representerer kan gjerast endå meir levande – og ikkje minst viktig – korleis ein skal gå fram for å halde hundre prosent på det antikvariske vernet.
– Målet må vera å visa fram ei ekte vare og då nyttar det ikkje med lettvinte løysingar. Det kan lett resultera i ”bastardar”. I den samanhengen er det godt å kunna ty til treekspertisen her på senteret, og den tekniske kunnskap hjå veteranspesialistane ved verfta i Dåfjord på Stord og i Mastrevik, seier Harald Kvinge, initiativtakar til samlinga og leiar i Veteranskipslaget Fjordabåten.

Steinar Hystad
Stord

Nyheits oversikt

2003

Februar
Januar

2002

November
  • "Atløy" skal vinterkledast
Januar
  • Stokkholm via Göta Kanal
  • Årsmøte
  • Framdansen
  • Kurs i driving av dekk
  • Fjordaferd til Nordfjord
  • Sikkerhetskurs på Nutek

2001

Desember
  • Atløyboka over forventninga
  • Søknad til Riksantikvaren
  • "Julegåve" til Atløy
  • Julebord fredag 14. desember
  • Vurderer tomtekjøp 
November
Oktober
  • Nytt lån
  • Livbåt skal fjernast
  • Rekka skal tilbakeførast
Februar
  • Atløy i Dampskibs Posten
Januar
  • Snart "ship-shape" på "Atløy"
  • "Atløy" med 50-talsstil

2000

Desember
  • Dugnad gir 10.000,-
  • Vellukka lutefiskmiddag.
November
  • A/L Atløy tar opp lån. 
  • Salongen tar form
  • Lutefisk-kveld 08.12.00
  • Video, restaureringa,DS Oster 
Oktober
  • Video frå Nordsteam 2000
  • Arbeidet i gang på HFS  
  • Atløydansen
  • Referat frå Årsmøte i AL Atløy
  • Utvida slipping på Halleraker
  • Steinar Bastesen til dansen
  • Kjempe sesong for Atløy
  • Planlegging av neste sesong.
September
  • Sesongavslutning på Skjærjehamn
  • Utvær fyr er 100 år.
  • Dokumentasjon av Atløy 
August
  • Olje messe i Stavanger
  • Nordsteam 2000 i Bergen
Juli
Juni
  • Atløy helsar Erling Jarl
  • Til Hardanger Trebåtfestival
  • Samarbeid med MS Granvin
  • Atløy med eigen pub.
  • Ny generator
  • Avlysing av tur til Selje
  • Artikkel om Atløy i bladet "Praktisk Båtliv"
  • Originale dekkstolar attende
Mai
  • Gåve frå Fylkesbåtane 
  • 60.000,- frå Sparebanken FB
  • Gamalt kart frå Vestlandets Fjorder”  1952.    
  • Atøly endeleg sertifisert.
April 
  • Ny hjelpemotor
  • Rustbeskyttelse av 2. 
  • Ny Autopilot
Mars
  • Gave frå Sparebanken SF
  • Kulturby Bergen 2000
  • Avtale med Vestkysten
  • Suletur 14. til 16. juli
  • Kaiplass for Atløy
  • Utleie mot nye rekordar
  • Angrande syndar 
Februar 

 


ATLØYS VENNER

 6900 FLORØ 
Telefon: Leiar: 91 59 40 89,   fax:  57 74 61 01,  Ombord: 90 50 10 10 
  Org.nummer: 932 326 701,
Kallesignal: LFND
E-post:  leiar@atloy.no,   web@atloy.no,   Heimeside:  http//www.atloy.no

© Linken
Revidert: 13 januar 2003
_________________________________________________________________________________
M/S Atløy er eigd av andelslaget Atløy, med adelshavarar frå heile Sogn og Fjordane. Kystmuseet i Sogn og Fjordane representerer eigar. 
Atløys Venner har som formål å drive skuta på dugnadsbasis og samarbeider med eigar og Kystmuseet.
Reiselivslaget Vestkysten
i Florø, tlf. 57 74 75 05 står for booking og marknadsføring.